Ei Carl Hiaasen sine bøker er fulle av typar du må attende til eventyra for i finne maken til. Skinny Dip er ikkje noko unntak. Frå den egosentriske biologen Charles Perrone til den tilsynelatande styggemannen sjølv; livvakta Tool, gjev Hiaasen oss nok ei herleg historie frå det galne Florida. Kona ...
Les hele anmeldelsen
Ei Carl Hiaasen sine bøker er fulle av typar du må attende til eventyra for i finne maken til. Skinny Dip er ikkje noko unntak. Frå den egosentriske biologen Charles Perrone til den tilsynelatande styggemannen sjølv; livvakta Tool, gjev Hiaasen oss nok ei herleg historie frå det galne Florida. Kona til Charles, Joey vert utsett for eit mislukka drapsforsøk når ho vert skubba overbord frå eit cruiseskip, hamnar på ei øy med Mick Stranahan, og dermed er det hysteriet i gang. Joey vil ha hemn, politimannen Rolvaag vil løyse mysteriet og Charles vil legge eit lok på det heile. Hiaasen skildrar galskapen på ein framragande måte. Sjølv om boka er noko forutsigbar er den likevel eit kanonkjøp og vil garantert gje lesaren ein god latter.
Lukk
Erlend
Rating: 5
09.11.05