For å gå rett til saka: "Da Vinci-koden" er full av vrøvl og tullball, antakingar, tippingar, lygner - men også ein del sanne opplysningar - alt saman kokt til ei røre. Men den - og den boka som ligg til grunn, nemleg "hellig blod, hellig gral" - påstår at den presenterer sanning. Difor er denne bok...
Les hele anmeldelsen
For å gå rett til saka: "Da Vinci-koden" er full av vrøvl og tullball, antakingar, tippingar, lygner - men også ein del sanne opplysningar - alt saman kokt til ei røre. Men den - og den boka som ligg til grunn, nemleg "hellig blod, hellig gral" - påstår at den presenterer sanning. Difor er denne boka av Skarsaune så naudsynt. Skarsaune, som er ein svært dyktig kyrkjehistorieprofessor, går til kjeldene, og undersøker om dvk har rett, eller om boka tek feil. Skarsaune har også med eit langt kapittel om Maria Magdalena, og han har med eit (banebrytande) kapittel om Tomasevangeliet. Kanskje viktigast er likevel kapittelet om kanonhistoria. Her lagar han hakkemat av DvK sine latterlege teoriar om at Vatikanet var med og skjulte skrifter, og at Konstantin hadde noko å gjere med kanonavgrensinga. Les det og lær! Snart kjem Da Vinci koden på kino. "Verden vil bedras", men les du denne boka, får du ei ypperleg og toppseriøs innføring i kva dei originale kjeldene om Jesus, evangelia og Maria Magdalena EIGENTLEG seier.
Lukk
Hallvard
Rating: 6
04.01.06