Olaug Nilssen er kanskje ein av dei beste unge forfattarane i Noreg. Den seiste romanen hennar er ikkje fullt så eksperiminterande i formen som tidlegare, men ennå noko heilt nytt når det gjeld innhald. Kven andre skriv om kvinners problem på ein måte som gjer at du gapskrattar, og på ein måte alle ...
Les hele anmeldelsen
Olaug Nilssen er kanskje ein av dei beste unge forfattarane i Noreg. Den seiste romanen hennar er ikkje fullt så eksperiminterande i formen som tidlegare, men ennå noko heilt nytt når det gjeld innhald. Kven andre skriv om kvinners problem på ein måte som gjer at du gapskrattar, og på ein måte alle kan kjenne seg att i? Samstundes er Nilsen utruleg original, både språkleg og tematisk.
Boka handlar om tre kvinner, Maria, Alma og Kona til Sebjørn. Dei er alle frå den lille bygda Skoddeheimen, og har sitt å stri med: Maria i den rotne jobben, Alma med si store kåthet, og kona til Sebjørn vil bli tenkt på som noko anna enn berre kona til Sebjørn.
Dette er kan hende den beste boka eg har lese innanfor "kvinnelitteratur", både humoristisk og alvorleg, allmennmenneskleg og angåande nokre får, spennande handling og språkleg overskot. Med andre ord alle kjenneteikna på stor litteratur
Lukk
jojo
Rating: 6
02.09.06