Stefan Gustavsson har lenge jobba i den svenske lagsrørsla. Denne boka omhandlar apologetikk, dvs. trusforsvar. Stefan Gustavsson ynskjer å vise at det fint går an å vere kristen med fornuft og intellekt i god behold.
Gustavsson går gjennom ei rekke viktige tema, fyrst tru og viten, der han på e...
Les hele anmeldelsen
Stefan Gustavsson har lenge jobba i den svenske lagsrørsla. Denne boka omhandlar apologetikk, dvs. trusforsvar. Stefan Gustavsson ynskjer å vise at det fint går an å vere kristen med fornuft og intellekt i god behold.
Gustavsson går gjennom ei rekke viktige tema, fyrst tru og viten, der han på ein god måte syner at alle trusposisjonar byggjer på livssyn.
Dinest drøftar Gustavsson universet og dettes eksistens. Han meiner å påvise at det er mest sannsynleg at det står ein Gud bak. Eg har litt vanskar med å fylgje argumentasjonen som seier at universet ikkje kan vere sjølveksisterande, men elles er det mange andre gode og - etter mi meining - vektige argument her.
Vidare drøftar forfattaren Jesu sjølvoppfatning, Bibelens truverd, det vondes problem etc. Alt gjer han på ein ryddig og god måte, med mange gode argument. Det kan innvendast at han tek litt for lett på ein god del motargument. Spesielt skulle eg ynskjer han ville drøfte meir inngåande forholdet mellom kirsten skapartru og evolusjonsteori.
Men likevel: Dette er ei solid og bra bok. Anbefalast til alle tenkande kristne, samt folk som ynskjer å vite om kristendom står si intellektuelle prøve som eit truverdig livssyn.
Lukk
Timoteus
Rating: 5
11.07.07