"Den trettende fortellingen" er ein mesterleg spenningsroman, som dreg lesaren gradvis inn i historia til hovudpersonen. Heile tida vert nye moment avslørt, og vi nærmar oss ei løysing, men heile vegen er det noko som ikkje stemmer. Kva er det forfattaren unnlet å fortelje til biografen? Ramma rundt...
Les hele anmeldelsen
"Den trettende fortellingen" er ein mesterleg spenningsroman, som dreg lesaren gradvis inn i historia til hovudpersonen. Heile tida vert nye moment avslørt, og vi nærmar oss ei løysing, men heile vegen er det noko som ikkje stemmer. Kva er det forfattaren unnlet å fortelje til biografen? Ramma rundt forteljinga er gitt når den aldrande og sjuke forfattaren Vida Winter ber ei ung og unnseleg bokhandlardotter om å skrive biografien om livet hennar. Biografen vert stadig meir interessert i historia, og gjer det ho kan for å løyse den. Men det ligg ein nøkkelkunnskap, ei gåte, og lurar bak forteljinga. For å forstå historia, må biografen løyse denne gåta. Som lesar vert eg fascinert av denne forteljinga. Det var ei vanskeleg bok å legge frå seg, og fleire gongar kunne eg kjenne frustrasjonen til biografen på kroppen. Utan å røpe slutten, kan eg likevel seie at eg slett ikkje var frustrert etter at siste ord var lest! Anbefalast!
Lukk
Ole
Rating: 5
02.01.08