Historia til Nordbø gjev eit interessant innblikk i ein vanskeleg livssituasjon. Boka er delt inn i to delar, der forfattaren først fortel si historie, og i andre del greier han ut om kva han meiner om Bibelen og homofili. Når det gjeld den første delen er det vondt og til tider sterkt å lese kor va...
Les hele anmeldelsen
Historia til Nordbø gjev eit interessant innblikk i ein vanskeleg livssituasjon. Boka er delt inn i to delar, der forfattaren først fortel si historie, og i andre del greier han ut om kva han meiner om Bibelen og homofili. Når det gjeld den første delen er det vondt og til tider sterkt å lese kor vanskeleg han har hatt det og dei til dels hatske reaksjonane han fekk. Lærerik lesing. For øvrig er boka veldig dårleg. Nordbøs agenda er pinleg tydeleg. Har han høve, kjem han med stikk og kritikk mot dei menneska og det miljøet han vaks opp i og høyrde til. Slik sett havnar han i same grøfta som han kritiserer dei for å gått i, ved å kraftig fordømme deira oppførsel, og eigentleg alt anna dei står for. Del to av boka er hårreisande dårleg. Nordbø har kun nytta seg av kjelder som støtter hans synspunkt, og syner mangel på kjennskap til det han skriv om, det vere seg teologi eller språkkunnskapar. Hans argument for at Jonatan og David var homofile elskarar er ca like godt begrunna som teoriane i "Hellig Blod, Hellig Gral". Fagleg er denne delen av boka nesten flaut å lese.
Lukk
yngve
Rating: 2
25.05.09