Ein mann finn eit brev i ei flaske. I brevet er ord han ikkje forstår. Men orda tenner ein eld. Han drøymer om brevet, at ei prinsesse har skreve det og klarer ikkje å arbeide.Han skriv eit brev og sender det ut i ei flaske. Ein kveld står det ei flaske på trappa. I flaska er det eit nytt brev. Nydeleg forteljing om einsemd og kontakt, om drøymar og kjærleik. Og om ord og språk.
Ein mann får flaskepost i garnet, men han forstår ikkje kva bokstavane tyder. Han drøymer om at brevet kjem frå ei prinsesse, og skriv eit brev tilbake til ho. Brevet sender han med flaskepost. Boka er tilrettelagt med enkel tekst.