Nynorsk ordliste

tradisjonell og einskapleg norm

Arvid Langeland (Redaktør)

Dette er ei ordliste for alle som vil skriva ein konsekvent og regelfast nynorsk.
Ho er tufta på tanken om at nynorsk er eit eige, sjølvstendig språk på lik line med andre normalmål. Ordlista vil bøta på den forvirringa som rår om korleis nynorsken skal sjå ut, og tilbyd ei einskapleg norm som det er råd å læra og nytta. Les mer
Vår pris: 269,-
(Innbundet)

Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Om boka

Dette er ei ordliste for alle som vil skriva ein konsekvent og regelfast nynorsk.
Ho er tufta på tanken om at nynorsk er eit eige, sjølvstendig språk på lik line med andre normalmål. Ordlista vil bøta på den forvirringa som rår om korleis nynorsken skal sjå ut, og tilbyd ei einskapleg norm som det er råd å læra og nytta.
Ordlista er på om lag 38 000 ord og gjev det sentrale ordtilfanget i moderne nynorsk. Samstundes er kjerneorda i den nynorske ordskatten gjevne større plass enn det som er vanleg i ordlister av same omfang. Boka inneheld òg ein nynorsk minigrammatikk og ei bokmål-nynorskordliste.
Norma i ordlista byggjer i all hovudsak på læreboknormalen som galdt fram til 2012. Former som frå 1917 og frametter vart tekne inn i nynorsken med det føremålet å tilnærma nynorsken til bokmål, er i stor grad fjerna, og ein del eldre former er tekne inn att for å syna betre samanhengen i målet.

Fakta