Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Norsk litterær årbok 2019

Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I 2019-utgåva undersøkjer Eivind Tjønneland korleis den sjølvframstillande tendensen og skjønnlitterære framstillingsteknikkar pregar sakprosaen som vart skriven i 2018. Les mer

349,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager
Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I 2019-utgåva undersøkjer Eivind Tjønneland korleis den sjølvframstillande tendensen og skjønnlitterære framstillingsteknikkar pregar sakprosaen som vart skriven i 2018. Korleis skjer med sakprosaen når forfattarane har skjønnlitterære ambisjonar? Lyrikkåret blir sett under lupa, og det same blir vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, den islandske forfattaren Audur Ava Olafsdottirs roman Arr. Jan Inge Sørbøs storverk Nynorsk litteraturhistorie (2018) blir drøfta som litteraturhistorisk verk.

I dei nye læreplanutkasta for norskfaget blir den samiske litteraturen løfta fram, men kva kjenneteiknar samisk ungdomslitteratur, og korleis har denne særlege og lite kjende forma for skjønnlitteratur utvikla seg, spør Silje Solheim Karlsen.

Korleis skreiv Sigrid Undset om den aldrande kvinnekroppen i den siste romanen om Kristin Lavransdatter? spør Christine Hamm. Morten Auklend følgjer sneglemotivet i ei novelle av Merethe Lindstrøm.

Årboka inneheld mellom anna også artiklar om Maja Lundes roman Bienes historie lese frå eit økofeministisk perspektiv, norske bestseljarar i Tyskland, Dorothe Engelbretsdatter og digital litteraturforsking i Skandinavia.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Bokmål Flerspråklig Norsk Nynorsk Svensk
Sider
329
ISBN
9788252199277
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2019
Format
20 x 13 cm
Serie
Norsk litterær årbok

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Norsk litterær årbok 2019:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv