Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Langt borte - men likevel nær

utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962

Langt borte men likevel nær
Utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962

Våren 1912 sit 67 år gamle Isak Rasmusson Sølvberg i Wisconsin og skriv livssoga si. Han fortel detaljert om barndom og ungdom i Stryn, utvandringa til USA i 1870 og det strevsame, men rike livet som settlar i Crawford county, Wisconsin. Les mer

443,-
Innbundet
Utsolgt
Langt borte men likevel nær
Utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962

Våren 1912 sit 67 år gamle Isak Rasmusson Sølvberg i Wisconsin og skriv livssoga si. Han fortel detaljert om barndom og ungdom i Stryn, utvandringa til USA i 1870 og det strevsame, men rike livet som settlar i Crawford county, Wisconsin. Historia om Isak er spennande og gripande, og den forvitnelege livssoga hans kan godt vere lagnaden til tusenvis av andre emigrantar, både frå Stryn og andre stader.

Isak var ein av heile 2606 stryningar som utvandra gjennom vel hundre år. Dette tilsvarer meir enn halvdelen av folketalet i Stryn i år 1900. Denne boka inneheld namn og detaljopplysningar om alle utvandrarane frå Stryn. Dessutan får vi ei skildring av Stryn på 1800-talet, ein analyse av kven utvandrarane var, og ei drøfting av kvifor dei reiste til USA. Vi får høyre om den strabasiøse reisa over havet, og om korleis livet arta seg i det nye landet.

For Isak var det eit dramatisk val å utvandre. Og for Stryn, som for dei fleste bygder, er det knapt noko historisk fenomen som har hatt så mykje å seie som folkevandringa over havet. Det er mest ikkje ein gard eller plass der det ikkje har utvandra folk ifrå. Og dei fleste stryningar har slekt "over there".

Boka er rikt illustrert med kring 170 gamle og nye foto, grafiske illustrasjonar og nyteikna kart.

Rasmus Sunde (f. 1944) er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er fødd i Vik i Sogn, oppvaksen i Jølster, med farsslekt frå Stryn, og busett i Balestrand. Sunde har hovudfag i historie, doktorgrad i migrasjonshistorie, og har skrive fleire bøker om emnet: "Ein stad skal ein vera. Utvandringa frå Vik i Sogn" (1989), "Long Prairie. Ei sognebygd i Amerika" (1994), "Ei utvandrarsoge frå Sogndal" (1994) og "Vikjer ved fjorden - vikjer på prærien" (2001).

English summary

Medlemsvurdering:
Rasmus Sunde har skreve ei glitrande bok som bør verte sjølve standardverket i lokalhistorie. Boka omhandlar emigrasjonshistoria til Stryn kommune, men får nok lesarar også utanfor kommunen. For det er ikkje det spesielle ved utvandringa frå Stryn som opptek Sunde mest. Han prøver å formidle følelsane vi alle har ved oppbrot eller andre store livsomveltingar. Ved å følgje livshistoria til husmannsonen Isak Sølvberg pustar Sunde liv i dei mange statistikkane som naturleg nok høyrer til i ei slik bok. Språket til Rasmus Sunde er som alltid presist, men har ein tendens til å verte litt ordknapt. Alt i alt er dette ei fantastisk bok som fortener mange lesarar.

hans olav

Detaljer

Forlag
Selja forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
240
ISBN
9788291722436
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2004

Kunders vurdering

h
hans olav – 09.01.2005

– Rasmus Sunde har skreve ei glitrande bok som bør verte sjølve standardverket i lokalhistorie. Boka omhandlar emigrasjonshistoria til Stryn kommune, men får nok lesarar også utanfor kommunen. For det er ikkje det spesielle ved utvandringa frå Stryn som opptek Sunde mest. Han prøver å formidle følelsane vi alle har ved oppbrot eller andre store livsomveltingar. Ved å følgje livshistoria til husmannsonen Isak Sølvberg pustar Sunde liv i dei mange statistikkane som naturleg nok høyrer til i ei slik bok. Språket til Rasmus Sunde er som alltid presist, men har ein tendens til å verte litt ordknapt. Alt i alt er dette ei fantastisk bok som fortener mange lesarar.

Oppdag mer

Bøker som ligner på Langt borte - men likevel nær:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Råta

Siri Pettersen
Paperback 
229,-

Evna

Siri Pettersen
Paperback 
229,-

Søvn

Bjørn Sverre Hol Haugen
Innbundet 
454,- 499,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv