Eit hemmeleg liv

spesialagent og spaniafrivillig Wilhelm Holst

; Anderz Eide (Oppleser)

«Historien om Wilhelm Holst inneholder så mye heseblesende dramatikk, fargerike karakterer og engasjerende detaljer at den hever seg over det aller meste av samtidig norsk dokumentarlitteratur.»

, VG Terningkast 6
Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt.

Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Les mer
Vår pris
174,-
Spar
25,-

Veil. pris: 199,-  (Nedlastbar lydbok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Lydbokappen

Nedlastbar lydbok
Legg i

Er du interessert i historiebøker ?
Bli med i fordelsklubben Vår historie.

Nedlastbar lydbok
Legg i
Vår pris: 174,-
Spar: 25,-

Veil. pris: 199,-  (Nedlastbar lydbok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Lydbokappen

Er du interessert i historiebøker ?
Bli med i fordelsklubben Vår historie.

Om boka

Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt.

Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene hans på femten og seksten skotne heime i Ådalen. Frå da av risikerer Holst dagleg livet i hemmeleg undergrunnsarbeid i Frankrike. Han blir spesialagent med mange dekknamn og opererer ofte saman med «fru Holst», den britiske agenten Madge Addy.

Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone? I denne boka dreg barnebarnet på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie.

Sigrun Slapgard (f. 1953) er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. For Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. Også Eit hemmeleg liv (2020) blei Brage-nominert. For romanen Englestien (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive ein biografi om Sigrid Undset og romanen Eg har sett jaguaren.

Fakta

Hvordan høre denne lydboka?

Anmeldelser

«Historien om Wilhelm Holst inneholder så mye heseblesende dramatikk, fargerike karakterer og engasjerende detaljer at den hever seg over det aller meste av samtidig norsk dokumentarlitteratur.»

, VG Terningkast 6

«Resultatet er ualminnelig vellykket. Her går alt opp i en høyere enhet - omfattende arkiv- og kildearbeid, tekstlig driv og spenning. Ja, Slapgard klarer kunststykket å spekke teksten med veldokumenterte detaljer, samtidig som hun holder leseren på tå hev.»

, Aftenposten

«Ho har ein skrivestil og fortellarmåte som ligg så nær opp til skjønnlitteraturen - til romanen - som er mogleg utan å kompromisse eller utvanne dokumentarstilen og late som om det er dikting. Å kalle dei over 350 sidene lettlesne, kan lett misforståast. For sjølv om både dramaturgien og historiene Slapgard skildrar har høg lesbarheit, fer ho ikkje med harelabb over innhaldet eller detaljane. [...] ei oppleving å lese.»

, Gudbrandsdølen Dagningen