– Denne er rett og slett briljant! Guten vår fekk denne då han var rundt 1/2 år, og boksen vart mykje brukt heilt frå starten av. Han likte kjempegodt å sjå på dei fargesterke og enkle illustrasjonane på korta medan me song saman. No er han snart 2 år, og korta er framleis framme mange gonger i veka. Han veit no akkurat kva for songar som er på kva for kort, og kosar seg med å sortere, kikke på fargane og kommentere teikningane medan han finn fram det han leitar etter. Nokre av songane kan han synge med på også etterkvart, og me kosar oss alle når sangboksen er framme faktisk! Stort pluss at mange av songane finst på nynorsk også, og me synest balansen mellom kristelege og andre tradisjonelle barnesongar er fin. Her er ein del songar me song med guten vår allereie før han fekk denne boksen, men også songar me nok ikkje ville kome på viss det ikkje var for desse korta. Absolutt å anbefale!
Sangboksen min. 30 sanger for de minste
Kundevurdering:
Denne er rett og slett briljant! Guten vår fekk denne då han var rundt 1/2 år, og boksen vart mykje brukt heilt frå starten av. Han likte kjempegodt å sjå på dei fargesterke og enkle illustrasjonane på korta medan me song saman. No er han snart 2 år, og korta er framleis framme mange gonger i veka. Han veit no akkurat kva for songar som er på kva for kort, og kosar seg med å sortere, kikke på fargane og kommentere teikningane medan han finn fram det han leitar etter. Nokre av songane kan han synge med på også etterkvart, og me kosar oss alle når sangboksen er framme faktisk! Stort pluss at mange av songane finst på nynorsk også, og me synest balansen mellom kristelege og andre tradisjonelle barnesongar er fin. Her er ein del songar me song med guten vår allereie før han fekk denne boksen, men også songar me nok ikkje ville kome på viss det ikkje var for desse korta. Absolutt å anbefale!SN
Detaljer
- Forlag
- IKO-forlaget
- Innbinding
- Leke
- Språk
- Bokmål Nynorsk
- ISBN
- 7090007383193
- Utgivelsesår
- 2007