Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Flokken

forteljingar

«Kari Stai si nye bok om tiåringen Juri utforskar på ein god måte grensene mellom individualitet og fellesskap. ... Som heilskap er Flokken fin lesing, og boka opplevest, paradoksalt nok, som ganske heilskapleg, trass i den episodiske forma. Det er fordi forteljingane på ulike vis seier noko om det å vere ein, særleg det å være Juri, og det å vere fleire: Kven er flokken vår, og må flokken vere stor? Kva skjer om vi ikkje har ein flokk? Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å kjenne oss mindre åleine?»

Marie Kjølstadmyr, Barnebokkritikk
Litt innafor og litt utafor

Juri er 10 år og usikker på mykje i livet, ikkje minst på kven han er i forhold til dei andre. Det verkar som alle andre høyrer til i ein flokk, men kven høyrer han til? Han er ikkje med i flokken fotballaget. Å spele i friminutta tel ikkje. Da er dei berre lause elevar. Til og med dyra har flokk. Fuglane flyr i flokk. Men kva veit eigentleg dei om å vere seg sjølv, dei gjer jo berre som alle andre? Les mer
349,-
Sendes innen 3 virkedager
Litt innafor og litt utafor

Juri er 10 år og usikker på mykje i livet, ikkje minst på kven han er i forhold til dei andre. Det verkar som alle andre høyrer til i ein flokk, men kven høyrer han til? Han er ikkje med i flokken fotballaget. Å spele i friminutta tel ikkje. Da er dei berre lause elevar. Til og med dyra har flokk. Fuglane flyr i flokk. Men kva veit eigentleg dei om å vere seg sjølv, dei gjer jo berre som alle andre?

Flokken inneheld ti forteljingar om Juri og korleis han på ulike vis er i eller utanfor vennegjengen, familien, verdas befolkning, gutane, barneflokken og ungdomsflokken. Han er også med i flokken «dei som synest puppar er fint». Flokken er ein frittståande oppfølgjar til romanen Passe happy frå 2021.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
131
ISBN
9788234014390
Utgivelsesår
2025
Format
21 x 15 cm
Serie
Juri 2

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«Kari Stai si nye bok om tiåringen Juri utforskar på ein god måte grensene mellom individualitet og fellesskap. ... Som heilskap er Flokken fin lesing, og boka opplevest, paradoksalt nok, som ganske heilskapleg, trass i den episodiske forma. Det er fordi forteljingane på ulike vis seier noko om det å vere ein, særleg det å være Juri, og det å vere fleire: Kven er flokken vår, og må flokken vere stor? Kva skjer om vi ikkje har ein flokk? Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å kjenne oss mindre åleine?»

Marie Kjølstadmyr, Barnebokkritikk

«I ei ideell verd får alle barn mellom 9 og 13 år lese denne boka saman med ein trygg vaksen. Flokken gir unik inspirasjon for samtalar med barn som er i ferd med å verte ungdom ... Det er lett å lese boka, og vanskeleg å ikkje la innhaldet sive inn i kroppen ... Her finst situasjonar som alle barn kan kjenne seg igjen i, som når Juri lurer på om han er ein del av flokken. Og så finst det situasjonar som dei færraste barn har opplevd, men som dei kan filosofere over, og lære meir om andre menneske av.»

Heidi Fagna, Nynorskbok.no

«Boka er fortald på ein veldig fin måte. Det er som om det er henta frå eit ekte liv ... Boka er så bra at eg kjem ikkje på noko som kunne gjort ho betre.»

Georg Fagna-Breivik, Framtida Junior

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Flokken:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv