Syng mig hjæm
Ved inngangen til 1890-talet måtte Bjørnson konstatere at dei store kampsakene han hadde slåst for sidan ungdommen framleis ikkje hadde vunne fram. På heimefronten var det dramatiske tider, Karoline vart meir og meir døv, og sonen Bjørns skilsmisse frå Jenny Sandberg skapte alvorleg usemje mellom ektefellene.
Les mer449,- Spar: 40,-

Samtidig forelska Bjørnson seg i pianistinna Erika Nissen, som han hadde kjent i tretti år. No innleidde Erika og han ein hekstisk kjærleikskorrespondanse som i denne boka blir referert og sitert for første gong. Bjørnson-barna gjekk til opprør og fekk slutt på affæren. Paradoksalt nok kom den avbrotne romansen forfattaren og avispolemikaren Bjørnson til gode. Tre års opphald utanlands for å koma unna skandale og strid, opna auga hans for dei store internasjonale stridsspørsmåla, fredsspørsmålet, spørsmålet om terrorismen som politisk strategi og rettsprosessen mot den franske offiseren Alfred Dreyfus.
Teaterstykka Over Ævne II (1895) og Paul Lange og Tora Parsberg (1898) førte igjen namnet hans ut på dei europeiske scenane. Året 1899 tona ut med opninga av Nationaltheatret, der Bjørnson sat saman med Henrik Ibsen på første losjerad.
I ein siste stor artikkel til fordel for Dreyfus avdekte Bjørnson røtene til antisemittismen, som han karakteriserte som ei gift for Europas folk.
Detaljer
- Forlag
- Oktober
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 668
- ISBN
- 9788249508556
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2011
- Format
- 24 x 18 cm
- Serie
-
Hoems Bjørnsonbiografi