Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Late dagar, ville netter

«Smart, slentrende og sensuell romanmemoar» «... stilen er så leken, gleden over å være til, de morsomme beskrivelsene av vennene og festene» «Det er en skarpskodd aforistisk jubel i boken»

Stein Roll, Adresseavisen
Eve Babitz si bok Late dagar, ville netter kom ut første gongen i 1977. Her møter vi ei kvinne med gnistrande livsappetitt og fortreffeleg observasjonsevne. Gjennom ti kapittel følgjer vi dragnaden hennar mot reiser, rus, californiske solnedgangar og ei mengde ulike folk. Les mer
229,-
Sendes innen 3 virkedager
Eve Babitz si bok Late dagar, ville netter kom ut første gongen i 1977. Her møter vi ei kvinne med gnistrande livsappetitt og fortreffeleg observasjonsevne. Gjennom ti kapittel følgjer vi dragnaden hennar mot reiser, rus, californiske solnedgangar og ei mengde ulike folk. Vi treffer forfattarar, druedyrkarar, basketballspelarar og sosietetsfolk, filmstjerner som er fortvila over eigen suksess og italienske femmes fatales meir fatale enn Babitz sjølv. Ingen av Eve Babitz (1943–2021) sine bøker frå 1970- og 1980-talet slo gjennom då dei kom ut. Dei havna i skuggen av imaget hennar som it-jente, og temaa ho skreiv om – Los Angeles, skjønnheit, sex – blei avfeia som overflatiske. På 2010-talet har ho derimot blitt feira for den sanselege og viltre stilen sin. Late dagar, ville netter er ein moderne klassikar i grenselandet mellom fakta og fiksjon – ei feiring av byen Los Angeles og av overskridande liv.

Detaljer

Forlag
Cappelen Damm
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
189
ISBN
9788202789961
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2023
Originaltittel
Slow days, fast company: the world, the flesh, and L.A.
Format
21 x 13 cm
Serie
Oversette mesterverk

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Anmeldelser

«Smart, slentrende og sensuell romanmemoar» «... stilen er så leken, gleden over å være til, de morsomme beskrivelsene av vennene og festene» «Det er en skarpskodd aforistisk jubel i boken»

Stein Roll, Adresseavisen

«Dette som vi i dag kallar 'fiktive memoarar' kjem i form av ti utvida anekdotar om Los Angeles, levert så tilforlateleg innstudert som berre den mest populære gjesten i middagsselskapet kan. Mat, drikke, dop, sex, solnedgangar og ei overflod av filmstjerner mettar desse forteljingane med fargar, men den mest fargerike komponenten av alle er forteljaren sjølv.»

Times Literary Supplement

«Stilen til Babitz er kul, samtaleprega, laus i forma, men samtidig med ei tilsynelatande uanstrengd poetisk tyngde.»

Guardian

«Å lese Eve Babitz er som å være ute på ein varm og åpen veg ved solnedgang med det ho sjølv ... har kalla ‘4/90-aircondition’ – det vil seie når du har fire vindauge opne og køyrer nitti kilometer i timen. Du kan kjenne vinden i håret.»

The New Yorker

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Late dagar, ville netter:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv