Herre

Niels Fredrik Dahls roman Herre byr på eit mørkt og medrivande trekantdrama, vakkert og brutalt på same tid. Handlinga er lagt nesten 200 år tilbake i tid, men kjenslene som blir skildra, er tidlause og allmennmenneskelege. Les mer
Vår pris: 69,-
Spar: 250,-
Veil. pris: 319,- (Innbundet)

Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

Om boka

Presentert av Ruth Lillegraven, forfattar og Bragepris-vinnar

Niels Fredrik Dahls gripande roman Herre handlar om kjærleik, stor, brennande og uthaldande, men ikkje av den edle, reine, gode sorten. Nei, det er urein kjærleik vi her møter. Mørk, desperat og rå kjærleik, som ikkje blir gjengjeldt, fylt av desperasjon og galskap, kjærleik som maktkamp og maktmiddel.

Imponerende ... Dahl viser med 'Herre' at det er mulig å skrive en roman som både speiler en forgangen tid og viser et tidløst menneskelig drama.
Turid Larsen, Dagsavisen

 

Camilla Wergeland og Johan Sebastian Welhaven er norsk histories svar på Romeo og Julie. I midten står Camillas bror Henrik Wergeland. Det er ei brutal tid, dei to poetane er i krig, hatet mellom dei gjer eit forhold mellom Camilla og Johan Sebastian umogleg. Slik er historia slik vi hugsar henne frå litteraturhistoria, men som alle kjende historier har den hol vi ikkje kjenner. Det er ei slik lomme Niels Fredrik Dahl i Herre har funne og skrive seg inn i. Han har teke tak i Camilla og Johan Sebastians ulukkelege ven Bernhard Herre og på eminent vis blåst liv i han.

Fortapt
Femten år gamal ser Bernhard Herre Camilla Collett for første gong, og er fortapt. Han skildrar seinare kjensla som å falle og falle, og vite at berre ho kan ta imot han. For Bernhard er Camilla lyset, sjølve meininga med livet. Men snart får også Johan Sebastian Welhaven auge på Camilla, Camilla får auge på Welhaven, og like hemningslaust forelska som Bernhard Herre er i Camilla, blir Camilla i Welhaven. Fleire tiårs dans med begjær og bedrag er i gang. Og i midten står Bernhard, kjøpmannssonen som foraktar seg sjølv med same intensitet som han elskar Camilla. Han, som ser seg som stygg og uskjønn, er fanga i eit klaustrofobisk  trekantdrama med to menneske han skildrar som dei to vakraste i landet.

Da jeg leste 'Herre' i 2009, tenkte jeg at det var den beste norske romanen jeg hadde lest på flere år. Og så tenkte jeg: Hvorfor løper ikke folk rundt og snakker om denne boken? Det var en gåte for meg. Og det er fremdeles en gåte for meg. Jeg håper at så mange som mulig vil oppdage denne nesten uutholdelig gripende kjærlighetshistorien.
Jan Kjærstad, forfatter

Bernhard Herre ser at han ikkje kan få Camilla, ikkje no, men han slepper aldri håpet. Og når Camilla og Johan Sebastian innleier eit hemmeleg forhold, går Bernhard inn i den einaste rolla han kan få: som deira sendebod, deira eiga vesle brevdue. Fram og tilbake, mellom Camilla og Johan Sebastian, Johan Sebastian og Camilla. Bernhard er deira fortrulege, den dei kan prate om alt til, men også den ingen av dei orkar lytte til, som ingen av dei verkeleg ser.

'Herre' er en betydelig roman og en stor leseropplevelse.
Leif Ekle, NRK P2

Stedfortrederen
Medan Johan Sebastian Welhaven blir ein fetert forfattar, blir Bernhard Herre fattigare og fattigare og meir og meir fordrukken. Han fell heilt ut av det overklassesamfunnet han ein gong var ein del av. Han freistar skrive, men ingen bryr seg. Han skammar seg over alt, unntatt kjærleiken til Camilla. Den einaste staden han kjenner seg heime, er i det grøne, djupt inne i skogane, saman med bikkjene sine. Når så Welhaven går lei av Camilla, veit Bernhard Herre at det berre er ein måte han kan behalde ein plass i Camillas liv på. Herre, som arbeider som kopist, overtek brevskrivinga, og skriv seg sjølv og sin eigen udødelege kjærleik inn i Welhaven og hans skrift. Her ligg det storslåtte og samstundes så tragiske i denne romanen.

Drømmen om å bli sett
Niels Fredrik Dahls sanselege og kraftfulle språk dreg oss inn i romanen på ein måte som gjer at vi snart er i 1830- og 1840-åra. Vi er Bernhard, i København, i Kristiania, i Nordmarka. Vi er Bernhard på Eidsvoll, der han ser prestedottera Camilla, i kvit kjole og gul hatt, hoppe og hinke og springe på stylter, baklengs og framlengs, medan det raudbrune håret hennar riv seg laus frå hårknuten og glitrar i sollyset. Vi kjenner hans undergangsdømde, groteske kjærleik dirre i oss. Vi ser det stygge og heslige i det vakre, og det vakre i det stygge og heslige.

Herre er eit imponerande tidsbilete, samstundes tidlaust og universelt i sin tematikk. Og etter kvart skjønar vi at ja, Herre er ein roman om kjærleik, men mest av alt handlar det om å ville vere ein annan, om å stå utanfor og sjå inn, og å lengte etter å bli sett.

Forfatteren Niels Fredrik Dahl leser fra sin
                  roman Herre

Fakta

Om forfatteren

Niels Fredrik Dahl (f. 1957) er en av de mest markante forfatterne her til lands, og han har utgitt noveller, dikt, gjendiktninger og skuespill. Vant Brageprisen i 2002 for romanen På vei til en venn. Han er oversatt til en rekke språk. Herre (2009) ble nominert til P2-lytternes romanpris. Dahl er også en særpreget og feiret dramatiker.