Henrik Ibsens skrifter. Bd. 12

Serie: Ibsen, H. Skrifter 1-17. Bindene selges enkeltvis 12

Inneholder brev skrevet av Ibsen i perioden 1844 til 1871. Kommentarbindet inneholder innledninger og kommentarer til brevene. Les mer
Vår pris
890,-

(Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Midlertidig tomt på lager

Vår pris: 890,-

(Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Midlertidig tomt på lager

Om boka

Inneholder brev skrevet av Ibsen i perioden 1844 til 1871. Kommentarbindet inneholder innledninger og kommentarer til brevene.

Fakta

Innholdsfortegnelse

Vi smugkikar på Ibsen Av:Bjørn Kvalsvik Nicolaysen Ibsen framstår somme tider som posør i breva sine. Han falbyd meiningar som nok verkar pikante, men i reell forstand er dei ufarlege, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen. Drifta mot personifisering av det offentlege livet har vore til stades med vekslande styrke sidan 1600-talet. På 1600-talet ser vi ei vending mot interessa for det intime livet som eit hundreår seinare er utvikla til eit skilje mellom det opne, offentlege privatmennesket og det løynde, intime vesenet som er tilbaketrekt i indre familieliv og held lystene sine for seg sjølv.Det klassiske friarbrevet fann ei form kring midten av det 18. hundreåret. Det er mykje i slekt med kontraktsbrevet, som sidan mellomalderen har bore med seg nokre faste element. Konversasjonskunsten og den borgarlege salongkulturen prega framhaldet i utviklinga av privatbrevet. Det vart verdfullt å kunne uttrykkje seg om aktuelle saker, kunst og private tilhøve med daning, diskresjon og vidd. Godt etter at romantisk litteratur hadde etablert tanken om at kjærleiken mellom mann og kvinne måtte vere eit opphøgd sjelemøte mellom åndsfrendar, greip Ivar Aasen til formene i kontraktsbrevet for å gje kjenslene sine til kjenne. Å lese friarbrevet hans til Marta Skjeldrup er å vere vitne til koss formlar og sjangerkrav i ein etablert skriftkultur somtid set sjølv dei mest sjølvstendesøkjande menneske i språkleg tvangstrøye. Sjølv ein Ivar Aasen greidde ikkje å fri seg frå formalistiske band.ForfattarbrevKring midten av 1800-talet eksploderte brevbruken. Bjørnstjerne Bjørnson skreiv over 30.000 brev, til mottakarar over heile Europa. Alexander L. Kielland er òg ein flittig brevskrivar; av honom er berre kjende om lag 1800 brev, men både han og slekta har nok fjerna ein god del av dei, anten av di dei ikkje var interessante nok eller tvert om, av di dei var altfor interessante for utanforståande. Det er særs tydeleg med breva åt Kielland at mange av dei er skrivne for å bli opplesne. Så gjekk då Bjørnson òg gjerne ikring med siste brevet frå Kielland i lomma, greip tak i folk og sa: "Nei, nå skal du høre hva Kielland skriver til meg!"Forfattarbreva frå siste halvdelen av 1800-talet er ofte skrivne med klår tanke på at dei ein gong skulle offentleggjerast. Dei høyrer med i prosessane som fører til ei relativ frisetjing (autonomisering) av litterær kunst, eit sjølvstendig felt med eigne normer frå i alle høve 1880-åra av. Melodramatiske soger med avsløringar av ekle, grumsete gjerningar er dermed vanskeleg å få fram frå det aller meste av det som til no er kjent av brev etter norske forfattarar frå det 19. hundreåret. Desse breva er derimot gode kjelder til to-tre tilhøve som handlar om framsyning: a) utviklinga av strategiar for sjølvframstelling, b) forming av ein moderne retorikk for forfattarrolla, c) danning av sosiale nettverk som del av profesjonaliseringa av forfattarrolla. I Noreg skulle vi ha rikeleg høve til å granske koss sjølvstendiggjeringa av forfatteri som kunstform og samfunnsfaktor går føre seg. Vi har likevel lite systematisk tekstforsking ut frå brev som kjelder, sjølv om dei blir mykje brukte i biografiskriving. Litterært feltNarve Fulsås, professor i historie i Tromsø, har peika på kva for ei rolle breva har i det han kallar "det litterære feltet". Det gjer han i innleiinga til utgåva av Ibsen-brev i Henrik Ibsens skrifter som dekkjer åra 1844-71. Brevutgåva er delt i to halvband, det eine med tekstane i det omtala tidsrommet, med tekniske og tekstkritiske merknader, det andre er kommentarbandet med innleiing, ord- og sakkommentarar, oversyn over omtalte personar, brevmottakarar, og endeleg ei tidstavle. To band til, for åra 1872-1906, kjem sidan. Truleg er det dei mest interessante breva, litteraturhistorisk og mentalitetshistorisk sett. Det er likevel ganske mykje nytt framkome, i alle høve med omsyn til kva som før har vore kjent for eit allment publikum, sjølv om det ikkje eigentleg endrar biletet av Ibsen som brevskrivar. Såleis visste - naturleg nok, får ein vel seie - heller ikkje Halvdan Koht om brevet frå 1844 der Ibsen overfor byfut Preus i Grimstad vedstår seg farskapen til barnet Else, i 1904 då Koht saman med Julius Elias gav ut Breve fra Henrik Ibsen i to band. Relativt usympatisk tykkjer vi helst det er i dag at Ibsen, vel på vanleg vis i farskapssaker på den tida, legg skulda på mor til barnet for synda; ho hadde slik ei "fristende adferd". Dette brevet har elles hjelpt til å fastsetje sikrare datoen då Ibsen reiste frå Grimstad, noko einkvan heilt sikkert finn grunn til å vite noko om.Litteratur og maktKva er så dette "litterære feltet" Fulsås skriv om? Det er der striden om kva som skal gjelde for å vere verdfullt i litteraturen, går føre seg. Forfattarbreva frå 1800-talet og litt utpå 1900-talet fortel soga om koss forfattarar vart ein maktfaktor i norsk kulturliv. At mange brevutval frå forfattarhand kom ut medan skrivaren endå levde, var tilskot til å syne at forfattaren som privatmenneske var eit ansvarleg, landsbyggjande vesen, med eit meir interessant liv enn dei fleste. Somme tider gjer det unekteleg for Ibsen sitt vedkomande, vel så mykje som for Bjørnson, Kielland og andre, at han framstår som posør i breva sine. Han falbyd meiningar som nok verkar pikante, men i reell forstand er dei ufarlege - som at han er anarkist og mot staten, samstundes som han er redd for alt det opprørarane kringom i 1848 fann på. Omgrepet "felt" tek historikaren Fulsås frå den franske kultursosiologen Pierre Bourdieu (1930-2002), som var oppteken av korleis folk får tilgang til sosial deltaking og oppsamling av ressursar, anten desse er av økonomisk, sosial eller kulturelt (irekna utdannings-) slag. Her kunne Fulsås med føremon gått lenger i å skissere ein analyse. Kan hende blir den utvida seinare. Vi fylgjer unge Henrik frå ein famlande start. I 1849 gav han under pseudonymet Brynjulf Bjarme ut Catilina; under inntrykka av oppreistane kringom i Europa året før har han snudd om på Cicero-perspektivet om revolten mot senatet i Roma (63 f. Kr.) Den boka selde seg visst i 45 eksemplar, resten vart brukt til innpakkingspapir. Men alt i 1871 er vi blitt kjende med den verdskjende, store diktarsfinxen. Enno er han ikkje heilt blitt til den pedanten vi møter i seinare brev, der han blir så ufriviljug låtteleg "kontroll-freak" - jamt over knipsk og keisam - mest nifst kontrollert. I 1860-åra vedgår han lett at han lèt seg røre av venskap og venleg omtanke, han er tydeleg påverka då ein kjenning tek livet av seg i feberørske i Roma. Han tek òg inn over seg den umåtelege utfordringa det er å leve seg inn i og prøve å forstå kunsthistorisk utvikling frå mange hundreår, han pønskar over sambandet mellom målande skildring og verknaden av ord - diverre utan å skrive mykje anna enn slagordaktige oppsummeringar omkring slike spennande emne. Biletet av sjølvetDet vil kome betre fram i neste bandet, men alt her ser vi at på same viset som fleire andre store forfattarar i samtida manipulerte Ibsen i stor grad det biletet omverda fekk av honom. Redaktør Hegel i København må ha vore nøgd med at Ibsen var ordhalden og leverte når han skulle, for Hegel lèt seg bruke som ærendsgut utan å kny, såleis til å plassere bøker eller pengar eller meldingar hjå tredjepart, eller han fekk andre til å gjere det. Ibsen frygda seg barnsleg over ein tyrkisk orden - som han måtte minne gjevaren om eit par gonger, og som alt samtida finn heller verdlaus. Han arbeidde høgt og lågt på å bli oppfatta som utmerkt, framståande. Mot slutten av den perioden dette bandet dekkjer, er han i ferd med å lukkast, og har overvunne både dårleg økonomi og mange av teikna på dårleg sjølvtillit. Ibsen innleidde ikkje brevkampanjar mot folk. Det gjorde Bjørnson. August Strindberg skreiv etter publiseringa av En hanske (1883) eit rasande brev om kor tåpeleg BB gjorde seg, sidan han fann det ganske normalt at menn låg med mange kvinner, men ikkje omvendt. Same kvelden angra Strindberg seg. Han ettersende ein liten lapp og bad om orsaking for at han hadde hissa seg opp. Bjørnson svara venleg, og sa noko slikt som at alle kan då forgå seg; alt skulle vere bra mellom dei. Samstundes sende han ut ein haug med brev kringom i Europa der innhaldet var likelydande: Ha ikkje meir med Strindberg å gjere, han er galen!RettarIbsen køyrde svært sterkt på når det galdt rettane sine; han føresette mangt som enno ikkje var juridisk avklara i Noreg. Måtte han så drive den som ville forgripe seg på tekstane hans ut i ytste armod og skam, så ser det ut til at han ville gjere det utan å blunke. På den måten vart Ibsen også ein pådrivar for åndsverksrettar, og om det var leitt for snyltarar den gongen, bør vi alle vere takksame mot honom for dét.Fleirfasetterte bilete av sjølvet finst vel så sterkt utvikla av andre, såleis Arne Garborg og Amalie Skram. Garborg, ofte framstilt som litt puslete og engsteleg, har i sine brev eit imponerande register av personlegdomar å spele på, i eit spekter frå hjelpelaus ektemann via trufast ven til klok kollega og myndige læremeister - og fleire roller, somtid på ein og same dag (sjå t.d. Ine Fintland i Norsk litterær årbok 2005). Amalie Skram lyder gjerne nokså audmjukt når Garborg leksar opp, ein positur ho sjeldan vil ha elles. Ho veit særs godt at journalisten, bokmeldaren og resonnøren har uendeleg fleire trådar å drage i enn biletet av den melankolske, mislukka odelsguten, fortapt i byen, skulle tilseie. Henrik Ibsens skrifter (HIS) gjev ut til saman om lag 2400 brev. Utgjevarane har vore nøgne med å halde seg til ein grei og nøktern definisjon: "I HIS forstås brev som en adressert, skriftlig meddelelse". Brev på vers er det såleis med ein heil flokk av. Små billettar utan mottakar, korrekturlister, reine kontraktutkast og ymse anna fell dermed ut her, for å dukke opp att i eit eige band med "varia". Prinsippet gjev ei nokolunde heilskapleg tekstsamling som det er lett å få oversyn over, trass i omfanget (678 + 863 s.). Og i motsetnad til tidlegare brevutgåver er dette ei tekstkritisk og vitskapleg utgåve, med Ibsens eiga rettskriving så langt råd er og med markeringar av dei mange endringane (og feila) han gjorde. StorverkDette er eit storverk i arbeidsmengd, som byggjer på noggrant detektivarbeid, med forklåringar på alle tenkjelege (og somme utenkjelege) detaljar. Her får vi tilgang til eit forvitneleg kjeldemateriale som no kan nyttast på ein langt betre måte enn før. Berre eitt er eg lei for: Telen Fulsås skriv til vanleg eit rikt nynorsk som er ei frygd å lese. Her har han visst vore pliktig til å skrive innleiing og kommentarar på bokmål. Det gjer skrivemåten hans meir stiv enn han plar vere. Vel, så skal det nok høyre med til Ibsen, det då. Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent for Dag og Tid. 05.10.06 © Dag og Tid