Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Heime og ute

brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932

Kulturhistorikaren Ivar Kleiven frå Vågå og pressemannen Kristian Prestgard frå Heidal var venner frå ungdommen og gjekk i lag på Seljord folkehøgskule 1885-86. Sidan budde Kleiven fast i Vågå, men Prestgard reiste ut, først til Danmark og i 1893 til Amerika. Les mer

435,-
Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager
Kulturhistorikaren Ivar Kleiven frå Vågå og pressemannen Kristian Prestgard frå Heidal var venner frå ungdommen og gjekk i lag på Seljord folkehøgskule 1885-86. Sidan budde Kleiven fast i Vågå, men Prestgard reiste ut, først til Danmark og i 1893 til Amerika. Dei møttest berre éin gong seinare, sommaren 1927. Breva vart det personlege bandet mellom dei. Her fortel dei om arbeid, kultur, heimeliv og lengt i eit levande, personleg språk. Kleiven bruker både vågåmål, austlandsmål og landsmål. Prestgard skiftar frå dialekt og landsmål i Noreg til riksmål i Amerika, men den lokale tonen ligg alltid under. Heile brevskiftet blir her utgjeve i uavkorta form og med original rettskriving. Innleiinga inneheld biografiske omtalar av Kleiven og Prestgard, tidstavler og brevoversyn, og ei utgreiing om tekst og redigeringsprinsipp. Utgåva har ei stor mengd forklarande notar og fyldige emne- og personregister til slutt.

Gudmund Harildstad (f. 1965 i Ringebu) er konsulent i Norsk lokalhistorisk institutt ved Nasjonalbiblioteket. I åra 1993-2015 var han konsulent i Norsk Ordbok ved Universitetet i Oslo. Han har gjeve ut Frå barndomen (1993) og Brev til Decorah-Posten (1994) av Ivar Kleiven, Kristian Prestgards sjølvbiografi Fra Heidal til Decorah (1996), ei ny utgåve av Ivar Aasens Norske ordtak (2003) og Kristofer Visteds Jul i gamle dager (2016).

Kristoffer Kruken (f. 1950 i Leksvik) er professor i namnegransnking ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekkje artiklar om etterreformatoriske personnamn og elles gjeve ut Norsk personnamnleksikon (3. utgåva 2013), Sophus Bugges brev I-III (2004), Personnamnarbeid av P.A. Munch (2016) og Ivar Aasen: Norsk Navnebog (1878; 1997), Ordbog over det norske Folkesprog (1850; 2000) og Norsk Ordbog (1873; 2003), dei tre siste saman med professor Terje Aarset, Høgskulen i Volda.

Detaljer

Forlag
Novus
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Bokmål Norsk Nynorsk
Sider
497
ISBN
9788270998968
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2017
Format
25 x 19 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Heime og ute:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Stormen

Ivo de Figueiredo
Innbundet 
419,- 479,-
 

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
375,- 429,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv