Nordriket
«Sveen er nærmast blitt som ein nestor å rekne når det kjem til meisterlege skildringar og dramatiseringar av menneskelege relasjonar innanfor rammene av naud, desperasjon, forfall og undergang.»
Øystein Hauge, Romsdals Budstikke
I ei verd som kan minne om vår eiga, blir den vesle, uavhengige staten Nordriket trua av den overlegne krigsmakta til Føderasjonen. Angrepet på Nordriket set i gang ein geriljakrig der terror og religiøs ekstremisme raskt veks fram. Les mer
Folket i Nordriket kjempar ein kamp dei ikkje kan eller vil tape. Dei vil ikkje miste verken sjølvstyret eller dei religiøse tradisjonane dei har måtta kjempe for i tidlegare krigar. Harald, sonen til ein av motstandsheltane i Nordriket, forvandlar seg gradvis til ein soldat alle fryktar. Søstera Ingebjørg leitar både etter ektemannen, som er teken til fange av Føderasjonen, og etter ein måte å komme seg bort frå krigen på. Mens den føderale offiseren Henok ikkje skyr noko i kampen for å knuse motstandsrørsla, han vil hemne foreldra som mista livet i ein terroraksjon under førre krig.
I Nordriket skjer eit nådelaust oppgjer mellom to ulike sivilisasjonar. Det er både spennande og urovekkande, underhaldande og vondt. Bli med inn i ei verd der familie, venskap og tillit blir sett på prøve - og i spel.
Detaljer
- Forlag
- Lydbokforlaget
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788242185754
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2020
Lytt til utdrag
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herAnmeldelser
«Sveen er nærmast blitt som ein nestor å rekne når det kjem til meisterlege skildringar og dramatiseringar av menneskelege relasjonar innanfor rammene av naud, desperasjon, forfall og undergang.»
Øystein Hauge, Romsdals Budstikke
«Det som gjer Sveen til ein interessant forfattar i bok etter bok, er korleis han kombinerer tradisjonell historiefortelling med litterære eksperiment.»
Margunn Vikingstad, Morgenbladet
«'Nordriket' er en actiondrevet bok, med nikk både til J.R.R. Tolkien og George R.R. Martin. ... fascinerende er det, og særlig språket er friskt, vekslingen mellom det vakre og det groteske. Boken kan likeså godt leses som en fantasyfortelling om Taliban. Uansett hvilken gud man tror på: dette handler om religiøs fanatisme, hvordan den oppstår og hvordan den sprer seg. ... en fascinerende og litt speisa fortelling om hva langvarig krig og konflikt gjør med et folk, og med enkeltmennesker.»
Ellen Sofie Lauritzen, Dagens Næringsliv
«'Nordriket' er spennende og drivende helt til det siste.»
Even Teistung, Vårt Land