Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Norsk historie 1814-1905

å byggje ein stat og skape ein nasjon

Bandet skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå å vere underordna i ein union med Danmark til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Det har to hovudforteljingar. Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Les mer

529,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager
Interessert i historiebøker?
Bli med i fordelsklubben Vår historie og få fordelspris 449,-
Bandet skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå å vere underordna i ein union med Danmark til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Det har to hovudforteljingar. Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Den andre forteljinga handlar om vegen inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda. I denne prosessen utvikla landet seg frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn. Begge forteljingane er nær knytte til utviklinga av demokratiske institusjonar, som det lokale sjølvstyret, folkerørsler og eit godt utbygd skulevesen.

Den nye utgåva er betydeleg revidert. Teksten er gjennomarbeidd på nytt med komparative blikk til andre delar av Nord-Europa og med sentrale forskingsdebattar integrert i framstillinga.

Jan Eivind Myhre er professor emeritus i historie ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo. Hans arbeidsfelt er moderne norsk og europeisk historie etter 1800, med særleg vekt på sosialhistorie, befolkningshistorie, migrasjonshistorie, byhistorie og historiografi. Myhre har tidlegare utgitt ei rekkje bøker og mellom anna vore medforfattar på verka Norsk innvandringshistorie (2003) og Norsk byhistorie 700-2000 (2006).

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
364
ISBN
9788234007903
Utgave
3. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
24 x 17 cm
Serie
Norsk historie frå vikingtid til vår tid 3

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Norsk historie 1814-1905:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Afrika

Tore Linné Eriksen
Innbundet 
454,- 499,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv