Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Språkmøte i barnehagen

Denne boka viser fram det språklege mangfaldet i norske barnehagar. I dagens barnehagar går det barn med ulike språk og dialektar, og nokre har forseinka eller avvikande språkutvikling. Forfattarane diskuterer korleis barn utviklar språk, kva for strategiar dei bruker, og korleis ein kan stimulere språkutviklinga deira. Ulike kartleggingsmetodar og språkstimuleringstiltak blir også drøfta i boka. Les mer
389,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Denne boka viser fram det språklege mangfaldet i norske barnehagar. I dagens barnehagar går det barn med ulike språk og dialektar, og nokre har forseinka eller avvikande språkutvikling. Forfattarane diskuterer korleis barn utviklar språk, kva for strategiar dei bruker, og korleis ein kan stimulere språkutviklinga deira. Ulike kartleggingsmetodar og språkstimuleringstiltak blir også drøfta i boka.

Dei faglege innsiktene er rikt eksemplifiserte med reelle døme. Målet er at boka skal gi kommande barnehagelærarar kunnskap til å forstå og handtere mangfaldet dei møter i den moderne barnehagen, slik at dei har eit godt utgangspunkt for å kunne arbeide med språk saman med alle barn. Hovudmålgruppa for læreboka er studentar i barnehagelærarutdanninga, men boka er eigna for alle som studerer og interesserer seg for einspråkleg og fleirspråkleg språklæring.

Forfattarane i boka:

Ann-Kristin Helland Gujord er tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i Bergen. Magnhild Selås er tilsett ved Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder. Edit Bugge er tilsett ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, Høgskulen på Vestlandet, og Randi Neteland er tilsett ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Språk
Nynorsk
ISBN
9788245052640
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2024
Originaltittel
Språkmøte i barnehagen, e-bok
Format
Vannmerket EPUB

Les utdrag

Åpne utdrag her

Bla i boka

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Språkmøte i barnehagen:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv