Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Innovasjonsøkosystem

Korleis kan eit distriktsområde utnytte ressursar og mulegheiter til å skape verdiar som gir grunnlag for å bu og arbeide der? Det kan vere mange ulike svar på dette spørsmålet, men vårt svar i denne boka er innovasjonsøkosystem. Les mer

679,-
Paperback
Utsolgt
Korleis kan eit distriktsområde utnytte ressursar og mulegheiter til å skape verdiar som gir grunnlag for å bu og arbeide der? Det kan vere mange ulike svar på dette spørsmålet, men vårt svar i denne boka er innovasjonsøkosystem. Med det meiner vi eit samarbeid i nettverk mellom tre hovudgrupper av aktørar, nemleg forskings- og utdanningsmiljø, offentlege styresmakter og bedrifter.
Innovasjonsøkosystem bygger på undersøkingar av nettverk med ulik grad av suksess når det gjeld å «få humler til å fly». Vi har dessutan gjort undersøkingar blant ungdommar for å kartlegge karriereplanar, eldsjelfaktor og entreprenørlyst. Bidragsytarane har variert bakgrunn og er frå Høgskulen på Vestlandet (Sogndal), Vestlandsforsking, NTNU (Ålesund), NMBU (Ås), Koszalin University of Technology (Polen) og Hordaland fylkeskommune.
Boka eignar seg for alle med interesse for næringsutvikling, regional utvikling og ungdommar sine karriereval. Det vil seie personar tilknytte skular, høgskular og universitet (studentar, lærarar, forelesarar, forskarar), personar som arbeider med politikkutforming og -gjennomføring (politikarar, tilsette i verkemiddelapparatet og administrativt tilsette i kommunar, fylke eller stat), og andre aktørar knytte til verdikjedene i ulike bransjar (finansinstitusjonar, investorar, LO/NHO og andre organisasjonar i arbeidslivet).
Redaktør for boka Jon Gunnar Nesse er tilsett som førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet.
Bidragsytarar: Jon Ivar Håvold, Johannes Idsø, Grzegorz Kwiatkowski, Øyvind Heimset Larsen, Kristin Løseth, Jon Gunnar Nesse, Ove Oklevik, Kristine Skarbø, Ingjerd Skogseid, Torbjørn Årethun.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
297
ISBN
9788245017960
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2017
Format
24 x 17 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Innovasjonsøkosystem:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv