Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Odelsskam

å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar

«[O]ppegåande sak­prosa skriven av ein vestlending med heimlengsel. (...) Dette er ... historia om landet vårt i miniatyr – kort og skarpt fortald. (...) [D]enne forteljinga [peikar] også framover. Korleis skal vi overleve om det kjem ein ny krig dersom lysa er sløkte på gardane, forsynings­linjene til utlandet er brotne og alle odels­gutane og odels­jentene er flytta til byen?»

Knut Hoem, NRK
«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.» Les mer
399,-
Sendes innen 3 virkedager
«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»

I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?

Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.

Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
158
ISBN
9788234013645
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2024
Originaltittel
Odelsskam
Format
21 x 14 cm

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«[O]ppegåande sak­prosa skriven av ein vestlending med heimlengsel. (...) Dette er ... historia om landet vårt i miniatyr – kort og skarpt fortald. (...) [D]enne forteljinga [peikar] også framover. Korleis skal vi overleve om det kjem ein ny krig dersom lysa er sløkte på gardane, forsynings­linjene til utlandet er brotne og alle odels­gutane og odels­jentene er flytta til byen?»

Knut Hoem, NRK

«Fortellingen om Maria Laviks familiegård blir et mikrokosmos for norsk distriktspolitikk ... Det er lett å forstå hvorfor Lavik sliter sånn med å gi slipp. "Odelsskam" er full av kjærlighet til slekta og plassen, og det er to størrelser som liksom ikke kan skilles fra hverandre ... [K]anskje skrivingen kan være en måte å la livet i Lavik leve videre på, i bevisstheten til oss som leser om det. Det gjør Lavik også godt: Jeg føler både sorg og varme overfor denne slektsgården mens jeg leser.»

Maia Nordsteien Nielsen, Klassekampen

«Maria Lavik fører ein god nynorsk penn. ... Allment får lesarane illustrert utfordingar som er knytte til fysisk, materiell og geografisk flytting, like mykje som utfordringane er sett i eit mentalt, emosjonelt og etisk flytteperspektiv.»

Gunnstein Akselberg, Avisa Hordaland

«Boka «Odelsskam» er ei varm og sterk forteljing om å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. Slik vert den også ein viktig rapport om bygde-Norge.»

Harald Stanghelle, Vaksdalposten

«I «Odelsskam» er det nok mange av dagens bygdeungdom som kan kjenne seg att i forfattarens eiga oppveksthistorie. (...) Lavik skildrar ein valfridom som ikkje fanst i tidlegare generasjonar. Fridom er i det heile tatt eit nykelord i «Odelsskam», noko som gjer at boka korkje er nostalgisk eller idylliserande på vegner av fortida.»

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

«... eit sterkt skriftstykke. ... No er det alltid fleire grunnar til at folk snur bygda ryggen, og dette gjer Lavik greie for gjennom sterk prosa der kjenslene ligg på og mellom linene.»

Gjermund Bakkeli Haga, Dag og Tid

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Odelsskam:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
449,-

1984

George Orwell
Paperback 
135,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv