Bror din på prærien

roman

Serie: Familien fra Rekneslia 2

Edvard Hoem diktar om slektshistoria si på ein ypparleg måte ... [han] evnar å fortelja ei særs spanande historie om den store norske utvandringa til Amerika. Og om dei som blei att heime.

, Bergens Tidende Terningkast 6
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Les mer
Vår pris
139,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Vår pris: 139,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Om boka

Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota.

Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han.

Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp - slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde - og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta.

Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.

"Bror din på prærien" er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste "Slåttekar i himmelen".

Fakta

Hvordan lese denne e-boka?

Anmeldelser

Edvard Hoem diktar om slektshistoria si på ein ypparleg måte ... [han] evnar å fortelja ei særs spanande historie om den store norske utvandringa til Amerika. Og om dei som blei att heime.

, Bergens Tidende Terningkast 6

... glitrar av kresen forteljekunst på høgste nivå ... Eg synest faktisk at den nye romanen overgår forgjen­garen 'Slåttekar i himmelen', og det seier ikkje lite.

, Romsdals Budstikke Terningkast 6

«Bror din på prærien» er nok en triumf i Edvard Hoems fantastiske forfatterskap.

, VG Terningkast 5