– En bok du ikke legger fra deg. Kjempeflott historieforteller
Bror din på prærien
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Bror din på prærien er oppfølgjaren til den særs populære romanen Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem. Les mer
Tenk deg at du er 16 år og aldri har vore utanfor landet før, kanskje ikkje eingong utanfor fylket. No skal du reise frå mor og far og søsken, frå landet ditt, frå språket ditt, alt du har kjent og kjært.
En av våre fineste forfattere, Edvard Hoem, utfordrer stadig seg selv. Ambisjonsnivået er det ingenting å si på. Hans to siste romaner, «Slåttekar i himmelen» og «Bror din på prærien», vil stå igjen som praktverk i norsk litteraturhistorie. Brynjulf Jung Tjønn, VG
I 1893 forlét Eilert barndomsheimen utanfor Molde og dreg til Webster i Dakota. Der ventar tanta Gjertine, ho som han alltid har vore knytt til, og som no har bede han om å kome over. Men Gjertine, som eigentleg er familiens fyrverkeri, verkar ikkje særleg glad når Eilert dukkar opp. Snart skjønar Eilert at tanta har fått den såkalla præriesjuka, og er blitt deprimert. Han forstår også kva ho treng: å få vere åleine på ei jakthytte i ødemarka, midtvinters. Slik finn Gjertine att seg sjølv, og får grubla over liv og død og tvil og tru. Og mannen hennar, Ola, støttar henne.
Denne romanen er diktning på høyt nivå, derfor 100 prosent til å stole på. (...) Den handler ikke bare om å komme seg til Amerika og få bedre materielle vilkår; men også om noe så gammeldags som å reise ut for å finne seg selv. Atle Christiansen, Aftenposten
I boka er dessutan dei kvinnelege romanfigurane jamt over like glade i fysisk kjærleik som menn - begge deler gjerne stikk i strid med korleis mange kanskje tenkjer at det "alltid" var i gamle dagar. Slik viser Edvard Hoem oss at menneske først og fremst er nettopp menneske - til alle tider. Dei elskar og hatar, håpar og resignerer, kjempar, vinn og tapar. Verda var annleis, men menneska var dei same.
Denne stillfarne, poetiske fortellingen er kunst av høy kvalitet. (...) «Bror din på prærien» er nok en triumf i Edvard Hoems fantastiske forfatterskap. Brynjulf Jung Tjønn, VG
Hoem klarar dessutan det han skriv i etterordet til første boka at han vil gjere: å dikte desse folka levande for oss, dikte dei av luft og ingenting, av lyset over Molde og Rekneslia, av vinden som ruskar dei i håret og regnet som fall på markene og menneska i Knut Nesje si tid - og i Edvard Hoem si. Særleg kjem vi tett på den sindige slitaren Knut, han som sørgjer seg nesten sjuk over at alle dei fire sønene hans har hamna så langt heimanfrå. Ein slags streng av sorg over dette ligg og dirrar gjennom heile boka. Og slik minner Hoem oss på at dette er noko som skjer kvar dag, over heile verda. Barn dreg, foreldre dreg, dei ser kvarandre aldri att - og det er like hjarteskjerande uansett kvar og når det hender.
Eg synest faktisk at den nye romanen overgår forgjengaren 'Slåttekar i himmelen', og det seier ikkje lite. Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke
Slik er det med gode bøker, også dei historiske, dei omhandlar på eit eller anna vis eksistensielle problemstillingar i vår tid. Men så lett er det å bli dregen inn i liva Edvard Hoem skildrar, i kvardagsliv og dramatiske hendingar, humor og lidenskap, at det ikkje slår ein før etterpå at dette også er noko større - at det er forteljinga om den største folkevandringa ut frå landet vårt nokon gong, ei tid då halve det norske folk drog på jakt etter draumen.
Hoem gjør ingen forsøk på idyllisering ... det jevne hverdagsslitet og gleden har en indre dramatikk som kan bæres fram med språklig sanselighet og spenning. Turid Larsen, Dagsavisen
I trygg forvissing om at det skal kome eit tredje band, er det berre å nyte Bror din på prærien, ei bok der Hoem både skriv seg inn i hjarta våre og byr på eit viktig stykke Noregs-historie.
Medlemsvurdering:
En bok du ikke legger fra deg. Kjempeflott historiefortellerAnne-Brit Kvalvik
Detaljer
- Forlag
- Oktober
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 465
- ISBN
- 9788249516353
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2016
- Originaltittel
- Bror din på prærien
- Nr
- 8119287
- Serie
-
Familien fra Rekneslia 2
Oktobers bestselgere
Medlemsblad
Lytt til utdrag
Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herKunders vurdering
Skriv en vurdering
– Hadde aldri lest noe av Hoem før. Fikk nok av nynorsk på Gymnaset. Ble helt hektet på denne utvadrerserien og har nå hatt stor glede av å lese samtlige 4 bøker. Du glemmer det er nynorsk
– Hadde ikke trodd dette var noen bok for meg, - men deet var det.
– Bror din på prærien
– Du kan se frem til timer med hygge og glede
– Bror din på prærien
– Det var en fantastisk roman som jeg trygt kan anbefale. Minner litt om mine forfedre som dro over til Amerika i sin tid.
– Flott skildring av livet til "settlarane", man kan bare ane hvordan de måtte ha det
– Bror din på prærien
– Etter å ha lest "Slåttekar i himmelen", kjøpte jeg denne også som lydbok. En fantastisk beretning om Norge og utvandring til Amerika og Canada, der forfatteren selv leser med sin flotte dialekt og det kjennes enda mer personlig. Boka blir julegave.
– God bok som jeg tror får en ekstra dimensjon av at det er "forfattaren sjøl som les". Det gjør at stemningen i denne boka gjør enda sterkere inntrykk på meg. Klok, interessant, masse å lære både av historie og mange ting jeg ikke tidligere har reflektert over mht norsk utvandring. Anbefales!
– Bror din på prærien