Det uferdige huset

roman

«Den forteller om diktning mot alle strømninger i tid og sted. Og den er fortalt i et språk som skinner av poesi og flotte bilder. Lars Amund Vaages nynorsk er så sobert at man må nyte det langsomt.»

, Dagbladet Terningkast 5
Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889. I "Det uferdige huset" har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye, sjølvstendige Noreg. Les mer
Vår pris
332,-
Spar
47,-

Veil. pris: 379,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

Vår pris: 332,-
Spar: 47,-

Veil. pris: 379,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

Om boka

Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889. I "Det uferdige huset" har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye, sjølvstendige Noreg.
Den dagen Gabriel Hallvardson kjem til verda, er ein svart dag i Haugegardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, på den eine eller andre måten, og kor det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn. "Alle endrar seg, også dei døde", tenkjer Gabriel. Og han finn trøyst i orda, især når dei liksom svingar seg framfor han og det berre er å henta dei ned på papiret. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg. Men kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter når det trengst?

"Det uferdige huset" er ein roman om å koma til skrifta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet. Lars Amund Vaage har skrive fram eit gripande portrett av ein ung mann i spenn mellom pliktkjensle og kunstnarkall.

Fakta

Bla i boka

Anmeldelser

«Den forteller om diktning mot alle strømninger i tid og sted. Og den er fortalt i et språk som skinner av poesi og flotte bilder. Lars Amund Vaages nynorsk er så sobert at man må nyte det langsomt.»

, Dagbladet Terningkast 5

«Romanen går framover, mens teksten stadig går i sløyfer innom dei ulike spørsmåla. Det er ein rytme her som er nøye komponert utan å verke konstruert. Dette er klok og vakker prosa ...»

, nrk.no