Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Felemakaren

roman

Lars Olsen Hoem er fødd i Romsdal i 1782 og drøymer om å bli skipper på eiga skute. Han blir utskriven til å vere med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk skip i fem år. Der møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Lars Olsen Hoem var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Edvard Hoems store slektskrønike. 

Les mer

363,-

399,- Spar: 36,-

Sendes innen 1 virkedag

I romanen Felemakaren tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen Heimlandet barndom (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år.

Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar.

Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer.

Felemakaren er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve.

Felemakar Lars Olsen Hoem var fødd i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike. 

 

Detaljer

Forlag
Oktober
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
350
ISBN
9788249521425
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2020
Originaltittel
Felemakaren
Format
22 x 15 cm
Nr
8175780
Serie
Familien fra Rekneslia 5

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Felemakaren:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

De der

Joyce Carol Oates
Innbundet 
390,- 429,-
 

Yngre

Hanne S. Finstad
Innbundet 
429,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv