Hard er mitt lands lov

roman

Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen i skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter sverdkamp står han der som drapsmann. Les mer
Vår pris
143,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Vår pris: 143,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Om boka

Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen i skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter sverdkamp står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemna hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fanga av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven. Dermed har ei skjebnesvanger reise starta, og under leiinga til Ulfr og hans nådelause gudar, seglar skipet til kjende og ukjende strender, det kryssar opne hav og til sist blir det rodd opp ei veldig flod og inn i ei ny verd. Der skal det visa seg at Ulfr si historie rommar langt meir enn det han har fortalt, og at mennene ikkje aner kva dei har gjeve seg ut på. Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Tore Kvæven (f. 1969) bruker si eiga erfaring frå reiser i Afrika, og inspirert av islendingsogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.

Fakta

Hvordan lese denne e-boka?