– Hoen skriver så livaktig at jeg ser for meg Eilert og familien hans i deres liv på prærien.
Land ingen har sett
Januarsalg - pocket -25 % Velg flere her
Automobilane har dukka opp, og ein verdskrig ligg på lur. Slåttekaren Knut Nesje er død, og kona Serianna lever åleine. Det er to av sønene deira vi no følgjer tettast. Kraftkaren Eilert lever sitt liv med kona Martha og den stadig veksande ungeflokken i Donalda på Alberta-prærien i Amerika. På den andre sida av det store havet, i Romsdal, bur veslebror Anton Edvard. Sjølv som vaksen klarar han ikkje slutte gruble på kvifor foreldra sende han til den barnlause onkelen og tanta i Hoem då han var liten. Begge brørne prøver skape seg ei god framtid. Men det byrjar gå opp for dei at hardt arbeid ikkje alltid er nok. Verdskrig, uvêr, sjukdom og ulukker - det er mykje ein ikkje kan rå med, mykje å uroe seg over.
«Ta vare på kjærleiken, som var han eit barn du bar på armen, tenkjer Martha på eit tidspunkt, og den tanken gjennomsyrar i grunnen heile boka.»
Eit verdshav mellom seg
Mest av alt handlar det likevel om å vere ein son, ein bror, ei syster, ei mor, ein far - og ha eit verdshav mellom seg. Den stolte, strie Eilert tenkjer stadig på å ta ein tur heim, til landet der han trådde sine barnesko. Men stadig kjem eit eller anna i vegen, kanskje mest av alt han sjølv. Alle desse åra går det likevel brev fram og tilbake over Atlanterhavet, frå bror til bror, frå hjarte til hjarte. Vil dei nokon gong sjå kvarandre att?
"Det er drivande god forteljekunst Hoem vartar opp med her, han viser fram avansert storytelling i kapittel etter kapittel."
Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke, terningkast 5
Og så er det ektepara. Eilert og Martha, Anton Edvard og Beret Anna - og Ole og Gjertine, den noko eigenrådige tanta til dei to brørne. Tre par som får kjærleiken utfordra av livet og alt det medfører av slit og strev og knuste draumar. I opprør over noko ho trur Ole har gjort, legg Gjertine til og med ut på ei lang reise til sonen Severt og hans familie i Canada. Reisa skal kome til å endre henne. Og den sterke lidenskapen både Eilert og Anton Edvard deler med konene sine - kan den også vere farleg for dei?
Ta vare på kjærleiken
Ta vare på kjærleiken, som var han eit barn du bar på armen, tenkjer Martha på eit tidspunkt, og den tanken gjennomsyrar i grunnen heile boka. Edvard Hoem teiknar levande menneske for oss, dei er både store og små, sterke og svake - slik menneska har vore til alle tider. Og nok ein gong maktar Hoem å bruke fortida til å seie noko om vår samtid og framtid, med folk i stadig flyt mellom kontinenta. Dette er bøker som glir så lett og fint av garde, som ei stille elv. Det er nesten så vi ikkje merkar kor mektig det er, det eposet Edvard Hoem her gir oss.
"Strålende om utvandrernes liv ... På mesterlig vis allmenngjøres en fortelling som har sitt utspring i det personlige."
Fartein Horgar, Adresseavisen, terningkast 5
Kundevurdering:
Hoen skriver så livaktig at jeg ser for meg Eilert og familien hans i deres liv på prærien.Siri Sponberg
Detaljer
- Forlag
- Oktober
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 412
- ISBN
- 9788249517794
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2017
- Originaltittel
- Land ingen har sett
- Nr
- 8119295
- Serie
-
Oktobers bestselgere
Familien fra Rekneslia 3
Om forfattaren
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. Bøkene er selde til ni land, og i 2011 vart han tildelt statsstipend. I 2014 gav Hoem ut sin første roman på ni år, Slåttekar i himmelen.
Lytt til utdrag
Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven
Les utdrag
Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag herKunders vurdering
Skriv en vurdering
– Den siste boka i triologien, avslutter en fantastisk reise i vår historie om dem som levde i Norge, og dem som emigrerte til Amerika.
– Gode skildringer av livet på gårder både i Norge og Amerika der det kreves mye arbeid, tålmodighet og pågangsvilje for å få endene til å strekke til. Noen ganger blir det for mye, og det går ut over familielivet, men ved ettertanke finner mange sammen igjen. Levende og troverdige menneskeskildringer
– Land ingen har sett
– Eg er så glad i Hoem som forfattar, språket hans og emna til å halda lesaren i spaning.