Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Spelemannen frå Korsneset

roman

«Romanen er så rik og så medrivande at den går heim hos dei fleste lesarar.»

Ordknappen 2019

Det er byrjinga på det tjuande hundreår, og Karl Gustav Korsnes er 18 år. Familien bur på Korsneset i Tafjordfjella, og driv ein karrig gard utan straum og innlagt vatn der to familiar deler stovehuset. Dei bergar seg så vidt med geitehald. Karl Gustav er nest eldst i søskenflokken. Les mer

318,-

349,- Spar: 31,-

Innbundet
Sendes innen 3 virkedager
Det er byrjinga på det tjuande hundreår, og Karl Gustav Korsnes er 18 år. Familien bur på Korsneset i Tafjordfjella, og driv ein karrig gard utan straum og innlagt vatn der to familiar deler stovehuset. Dei bergar seg så vidt med geitehald. Karl Gustav er nest eldst i søskenflokken.

Musikk er ofte den einaste avvekslinga i den tunge og vonlause kvardagen på garden. Mannfolka spelar på heimesnikra feler - alle som ein. Dei er vidgjetne som spelemenn og blir henta til både festar, bryllaup og gravleggingar. Karl Gustav elskar fela si. Han drøymer om ei framtid som musikar, stikk seg bort og spel kvar gong han får ein sjanse.

Etter kvart får Karl Gustav ein plass i den kongelege Garde i Kristiania, der han møter både bykulturen og folket. Etter tenestetida, flytter Karl Gustav heim og giftar seg med ungdomskjærleiken Anne Sofie. Han hadde store draumer om framtida, men etter at broren hadde sagt frå seg odelen, må Karl Gustav ta over den karrige garden på Korsneset.

Spelemannen frå Korsneset av Gro Røsth er ein lettlesen historisk roman, basert på livet til Karl Gustav Karlsen Korsnes (1883-1942). Han komponerte mange slåttar gjennom heile livet. I biblioteket i Valldal er det arkivert 200 av slåttane hans. Det er Karl Gustav sin lidenskap til musikken som dannar den raude tråden gjennom historia.

Romanen er lettlesen og tilpassa ei eldre målgruppe, men kan godt lesast av ein allmenn lesar. Hendingane i romanen vil trigge minne hos dei som har opplevd liknande sjølv, andre vil hugse historier som dei har fått fortalt. Mange vil kjenne igjen dei vanskelege forholda for å drive gardsdrift før i tida. Prosjektet er utvikla i samarbeid med Leser søker bok.

Detaljer

Forlag
Skald
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
223
ISBN
9788279592747
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2018
Originaltittel
Spelemannen frå Korsneset
Format
22 x 16 cm

Bla i boka

Anmeldelser

«Romanen er så rik og så medrivande at den går heim hos dei fleste lesarar.»

Ordknappen 2019

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Spelemannen frå Korsneset:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Knuter

Geoffrey Budworth
Paperback 
227,- 249,-
 

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
409,- 449,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv