Våre venner kinesarane

  • Norges skarpaste satirikar
  • Hylande morosam
  • Om Norge og mat
  • Les mer
    Vår pris
    262,-
    Spar
    37,-

    Veil. pris: 299,-  (Paperback)
    Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

    Storkunde?
    Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

    Vår pris: 262,-
    Spar: 37,-

    Veil. pris: 299,-  (Paperback)
    Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

    Storkunde?
    Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

    Om boka

    Are Kalvø kom til Norge omtrent samtidig med kinarestaurantane. På den tida hadde Noreg éin tv-kanal, alle nordmenn såg heilt like ut, og folk åt i fullt alvor blodpølse til middag.

    Kalvø er glad for at det har gått framover sidan den tid, og feirar institusjonen som starta det heile: kinarestauranten, som var mange nordmenns første møte med noko framandt på heimebane. Kalvø reiser til alle norske kommunar med kinarestaurantar. For å takke. Og hylle det rare, uføreseielege og internasjonale Norge.

    Ein mann. To etepinnar. 158 kinarestauranter. Veldig mykje ris.


    Sitat frå boka

    "Kinarestaurantane har alltid vore spesielt gode på dei nødvendige alt-i-ett-løysningane. Kombinasjonen kinarestaurant og gatekjøkken er ikkje uvanlig. Ikkje kinarestaurant og pizzeria heller. Kinarestaurant og diskotek er nevnt. Kinarestauranter har ofte enorme menyar slik at dei fleste som stikk innom skal kunne finne noko dei liker. På menyen til kinarestauranten i Finnsnes gir dei klar beskjed om at viss det er noko du saknar på menyen, så må du endelig seie i frå. På kinarestauranten i Brønnøysund er menyen utstyrt med lister over dei mest populære rettane, i fall du skulle trenge hjelp til å velje."

    "Eg vaks opp i kinarestaurantanes og frosenpizzaens Norge. Det må eg ta konsekvensen av. Vi er alle dømte til å forsvare vår eiga tid. Andre grunnar kan det umulig vere til at det finst folk som meiner at det ikkje har blitt laga god popmusikk sidan 70-talet. Eg skuldar frosenpizzaen og kinarestaurantane ei takk. Spesielt kinarestaurantane. Frosenpizzaen har sine forsvararar ... Men kven hyllar kinarestaurantane?"

    Fakta