Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Den spreke hundreåringen

Førde idrettslag 1920-2020

På ein skitur i 1920 bestemte nokre ungdommar seg for å starte eit idrettslag. Dei kan umogeleg ha tenkt på kva for eit eventyr dei var med på å starte. På første årsmøtet hadde Førde IL 38 medlemmar. Hundre år seinare har idrettslaget over 2000 og er den største frivillige organisasjonen i Sunnfjord kommune. Les mer

473,-
Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager
På ein skitur i 1920 bestemte nokre ungdommar seg for å starte eit idrettslag. Dei kan umogeleg ha tenkt på kva for eit eventyr dei var med på å starte. På første årsmøtet hadde Førde IL 38 medlemmar. Hundre år seinare har idrettslaget over 2000 og er den største frivillige organisasjonen i Sunnfjord kommune.
I boka følgjer vi utviklinga i idrettslaget frå dei første åra med trening og konkurransar under enkle forhold til nyare tid med profesjonelle trenarar og anlegg. Gunnar Erdal-Aase vann den første NM-tittelen i femkamp for Førde IL i 1936. Sidan har mange utøvarar og lag markert seg både nasjonalt og internasjonalt. Dei fleste førdianarar hugsar jubelen då Førde slo Brann ut av NM i fotball i 2016. I dag set blant andre profilar som Karoline Erdal og Gjøran Tefre Førde på kartet.
Men sjølv om det er viktig å vinne, så er gjennomgangstonen hos utøvarane at det aller viktigaste med idretten er kameratskapen og idrettsgleda - anten dei driv breidde- eller toppidrett.
I denne boka får du møte ei rekkje fargerike personar, både utøvarar, trenarar og dugnadsfolk, som fortel om store triumfar og bitre nederlag gjennom hundre år med idrettshistorie i Førde IL. Hundreåringen er framleis sprek. Boka er rikt illustrert med over 300 bilete.

Detaljer

Forlag
Selja forlag
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
224
ISBN
9788282401623
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2020

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Den spreke hundreåringen:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv