Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Fire store

Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam

«Litteraturvitaren går grundig, skarpsynt og poengtert gjennom livsverket til dei fire forfattarane, og legg ikkje skjul på at det finst både godt og dårleg der. Men gjennomgangen hans viser framfor alt at nylesing på lang tidsavstand opnar for nye og forf»

Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

I denne boka viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag.

Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar. Les mer

409,-

449,- Spar: 40,-

Sendes innen 3 virkedager
I denne boka viser Jan Inge Sørbø kvifor dei fire forfattarane ikkje har fått plassen dei fortener - og kvifor dei bør lesast i dag.

Marie Takvam skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Frå debuten i 1952 til 1990 var ho ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar. Hulda Garborg er kjent for si organisatoriske kraft, men dei mange skjønnlitterære bøkene hennar er nesten ukjente. I tillegg til å ta ansvaret for ein depressiv ektemann og heile det nynorske teaterlivet skreiv ho over 40 bøker, ambisiøse romanar og eksperimentelle drama. Gro Holm skreiv sterke romanar om Odda sin overgang frå bonde- til industrisamfunn 40 år før Kjartan Fløgstad, ofte med eit kvinneperspektiv. Aslaug Vaa, som gav ut bøker frå 1930-talet og framover, vart lenge omtala som ein lokal telemarksforfattar. Sørbø viser korleis ho stod i dialog med leiande intellektuelle rørsler i Europa gjennom heile forfattarskapen.

Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Det er tid for nylesing.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
251
ISBN
9788234007545
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
21 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«Litteraturvitaren går grundig, skarpsynt og poengtert gjennom livsverket til dei fire forfattarane, og legg ikkje skjul på at det finst både godt og dårleg der. Men gjennomgangen hans viser framfor alt at nylesing på lang tidsavstand opnar for nye og forf»

Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

«Når jeg leser de sikkert skrevne nedslagene hans i forfattarerskapene, er jeg aldri i tvil om at jeg er i trygge hender. Professoren behersker både den litterære tradisjonen og tradisjonen for fortolkning, og diskuterer med og bygger videre på tidligere l»

Kåre Bulie, Klassekampen

«Vellykket oppgjør med trangsynt litteraturhistorie»

Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Fire store:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Stormen

Ivo de Figueiredo
Innbundet 
419,- 479,-
 

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
375,- 429,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv