Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Voksbarnet

roman

«Etterkvart som eg les veks engasjementet mitt for kvinnene som levde på 1600-talet og det vaknar eit sinne i meg som få andre bøker om same tema har klart å vekke. […] Inger Bråveit har på meisterleg vis gitt «Voksbarnet» ei nynorsk språkdrakt som tar vare på dei språklege kvalitetane i originalen.»

Mai Lene Fløysvik Hæåk, Stavanger Aftenblad
Poetisk true crime om 1600-talets hekseprosessar

Den ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i krinsen rundt vakre Maren Kneppis, ei gruppe kvinner som arbeider og festar saman. Men snart blir Christenze innhenta av trolldomsryktet sitt og lyt innsjå at ikkje berre ho, men også dei nye venninnene hennar står i fare for å enda på bålet. Les mer
399,-
Sendes innen 3 virkedager
Poetisk true crime om 1600-talets hekseprosessar

Den ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i krinsen rundt vakre Maren Kneppis, ei gruppe kvinner som arbeider og festar saman. Men snart blir Christenze innhenta av trolldomsryktet sitt og lyt innsjå at ikkje berre ho, men også dei nye venninnene hennar står i fare for å enda på bålet.

Den sentrale skuldinga mot Christenze rettar seg mot det magiske voksbarnet ho skal ha laga. Det er denne dokka som no tar ordet for å fortelja om skjebnen til desse kvinnene.

Voksbarnet er eit portrett av ein skjør fellesskap, eit innblikk i ein magisk kvardag og ei skremmeleg forteljing om ein hekseprosess basert på ei rekke verkelege hendingar frå 1600-talets Nordjylland.

"Eg er eit barn av bivoks. Og eg er som ei dokke på storleik med underarmen til eit menneske. Ein har forsynt meg med hår og negler frå den personen som skal lida. Eg vart boren av frua mi i 40 veker under høgre armen hennar som var eg eit ekte barn, og voksen vart mjuk av varmen hennar. Til slutt tok ho meg med til ein prest, det var om natta, og kyrkja var mørk og stille, og han døypte meg, voksbarnet. Eg vart ein reiskap. Det var på Nakkebølle gods på Sør-Fyn. Munnen min av voks kan ikkje opnast."

Omsett av Inger Bråtveit.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
190
ISBN
9788234013294
Utgivelsesår
2024
Originaltittel
Voksbarnet
Format
21 x 14 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«Etterkvart som eg les veks engasjementet mitt for kvinnene som levde på 1600-talet og det vaknar eit sinne i meg som få andre bøker om same tema har klart å vekke. […] Inger Bråveit har på meisterleg vis gitt «Voksbarnet» ei nynorsk språkdrakt som tar vare på dei språklege kvalitetane i originalen.»

Mai Lene Fløysvik Hæåk, Stavanger Aftenblad

«Flammene fra Olga Ravns heksebål strekker seg helt inn i vår samtid.»

Leif Gjerstad, BOK 365

«Danske Olga Ravn befester posisjonen som en av de mest interessante unge nordiske forfatterne (...) Men god damn!, så stimulerende dette er. (...) Så underfundig og språklig tilfredsstillende, og etter endt lesing gir boken en særegen tung og god følelse i kroppen – slik jeg har vendt meg til at alle bøkene til Olga Ravn gjør.»

Jonas Hansen Meyer, NRK

«[Det] stiger et dunstende, surklende tidsbilde mot leseren når det lille og store, det ekle og vakre, det høye og lave griper etter hverandre innenfor et knippe setninger, nydelig formidlet i Inger Bråtveits nynorske bearbeiding ...»

Silje Bekeng-Flemmen, Klassekampen

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Voksbarnet:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Hitra

Samuel Bjørk
Innbundet 
169,- 429,-

Vinland

Bjørn Andreas Bull-Hansen
Paperback 
229,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv