Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Å vere ein annan

poesi og prosa i utval

Fernando Pessoas forfattarskap er ein av største litteraturskattane i portugisisk litteratur, og sannelege er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som i grunnen var ei stor kiste full av papir då forfattaren døydde i 1935. Les mer

263,-

289,- Spar: 26,-

Sendes innen 3 virkedager
Fernando Pessoas forfattarskap er ein av største litteraturskattane i portugisisk litteratur, og sannelege er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som i grunnen var ei stor kiste full av papir då forfattaren døydde i 1935. Dei over 25 000 manuskriptsidene som låg igjen etter Pessoa, gav ettertida eit arbeid som enno går føre seg og gåter som enno ikkje er løyste.

«Å vere ein annan» gir oss eit nytt og levande utsnitt av mangfaldet i Pessoas verk, og viser korleis forfattaren i heimlandet både har vore ein folkekjær diktar og ein nyskapande analytikar av det moderne sjølvet, ein som tok seg sjølv frå kvarandre for å studere bitane.

Pessoa la tekstane sine i munnen på fiktive forfattarar som han kalte heteronym. I tillegg til «dei fire store», gjetardiktaren Alberto Caeiro, futuristen Álvaro de Campos, klassisisten Ricardo Reis og den mangfaldige Fernando Pessoa sjølv, finst eit dusin andre namn produktive nok til å fortene merkelappen. Til saman har det blitt identifisert 136 ulike fiktive identitetar i skriftene til Pessoa.

Å lese Pessoas verk kan vere ei sprikande oppleving, eit møte med noko svært framandt og velkjent på same tid, ei forvirrande kjensle av å bli lurt, blanda med eit overrumplande inntrykk av å lese den oppriktige sanninga, i eit klart og enkelt språk. Ikkje minst har Pessoa rike mengder av humor - avvæpnande, sjølvironisk, men òg mørk og grunnleggande humor.

Målet med «Å vere ein annan» er å gi lesarane eit innblikk i dette omfattande livsverket for dei som ikkje kjenner til forfattaren frå før, og på same tid gi tidlegare lesarar eit høve til å sjå forfattarskapen med eit friskt blikk. Tekstane i boka er ordna kronologisk og blir slik som ei skisse av Pessoas livshistorie, der dei ulike forfattaridentitetane opptrer i dialog.

Omsetjar Øystein Vidnes har i mange år jobba med Fernando Pessoas litterære verk og er ein av dei fremste ekspertane i feltet. I boka har han samla tekstar frå heile

Detaljer

Forlag
Skald
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
319
ISBN
9788279593430
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
19 x 13 cm
Serie
Skalds klassikarar

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Å vere ein annan:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Stakkar

Matias Faldbakken
Innbundet 
409,- 449,-
 

Sapiens

Yuval Noah Harari
Innbundet 
409,- 449,-

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
375,- 429,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv