– I andre bok i Ragnhild-trilogien, må Ragnhild bøte for drapet på svigerfaren Didrik. Husbonden Håkon har ikkje kontakt med henne medan ho soner i fengsel, og då ho kjem ut jagar han henne frå Stavsund. Svigermor Tale legg ut for å finne henne, slik at ho kan redde sonen, sonesonen og garden deira. Sjøl om boka heiter Ragnhild, synast eg den handlar mest om kva som skjer med familien i hennar nærleik og fråvær. Håkon ser ikkje kva kona har gjort for honom, og byrjar å bli lik faren sin. Øksedrapet verkar meiningslaust. Sonen Hallvard er i opprørstrong og manglar nokon som setjar grenser. Det tar ei stund før boka kjem i gang. Innimellom krydrar Duun forteljinga med von, humor og spenning. Svigermor Tale filosoferer over livet som trønder og gardkjerring på reisa sørover. Ho døyr, men finn Ragnhild. Hallvard blir skremd på flukt, og Ragnhild innser at ho må samarbeide med Håkon, for å få att sonen og livet.
Ragnhild
Etter drapet på Didrik, skal Ragnhild møte samfunnet igjen. Ho opplever at ho må justere krava både til seg sjølv og andre. Mannen Håkon har òg ein lang veg å gå for å finne ut kva han står for. Les mer
Detaljer
- Forlag
- Cappelen Damm
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788202423599
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2020
- Serie
-
Ragnhild-trilogien 2
Lytt til utdrag