Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Soga om Torstein Vikingsson

Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. Les mer

272,-

299,- Spar: 27,-

Sendes innen 3 virkedager
Jon Fosse har omsett og gitt ut ei rekkje bøker på Skald. Felles for dei er at det er verk som han sjølv meiner har vore svært viktige for hans forfattarskap. I tillegg til moderne klassikarar, er han inspirert og oppteken av dei norske sogene, som han har omsett til nynorsk. I høve nobelprisen i litteratur gir vi ut begge sogene og dramaet Edda i ein eigen serie. Omslagsillustrasjonane er handteikna av Stefan Ellmer og inspirert av Codex Regius.

«Soga om Torstein Vikingsson» fortel på fantastisk vis om Viking, bonden frå Sogn, og sonen Torstein. Vikingferda til far og son fører oss frå garden i Sogn, gjennom Noreg, Sverige og heilt til Indialandet.

Torstein er far til Fridtjov den frøkne, helten frå ei av dei mest kjende norrøne sogene, «Soga om Fridtjov den frøkne» som er også er utgitt i denne serien. Begge er omsette frå gamalnorsk til nynorsk av nobelprisvinnar Jon Fosse.

Denne handlingsmetta fornaldersoga frå mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.

Detaljer

Forlag
Skald
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
141
ISBN
9788279593805
Utgave
2. utg.
Utgivelsesår
2023
Originaltittel
Soga om Torstein Vikingsson
Format
17 x 13 cm
Serie
Sogene som har inspirert Jon Fosse

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Soga om Torstein Vikingsson:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv