Peer Gynt

eit dramatisk dikt

Jon Fosse har omsett meisterverket Peer Gynt til nynorsk. Stykket er utan tvil det mest kjende norske teaterstykket gjennom tidene, og figuren Peer Gynt har vore med å forma biletet av kven nordmenn er. Les mer
Vår pris
179,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Vår pris: 179,-

(E-bok)
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Min side | Bokkilden-app | Kindle

Om boka

Jon Fosse har omsett meisterverket Peer Gynt til nynorsk. Stykket er utan tvil det mest kjende norske teaterstykket gjennom tidene, og figuren Peer Gynt har vore med å forma biletet av kven nordmenn er.

Henrik Ibsens skreiv Peer Gynt i 1867. Stykket vart urframført på Christiana Theater i februar 1876 med musikk av Edvard Grieg. Først i 1948 blei stykket spelt på nynorsk. At Det Norske Teatret hadde fått omsett teksten til nynorsk, skapte kraftige reaksjonar. Ibsen har sidan den gong blitt spelt på nynorsk mange gonger. I 2005 var det premiere på ei legendarisk Peer Gynt-framsyning på Det Norske Teatret. Peer Gynt blei sett opp av den verdskjende regissøren Robert Wilson. Jon Fosse hadde omsett teksten til nynorsk. Fosse har sidan den gong gjort ein del endringar i teksten i retning meir tradisjonell nynorsk. Fosses nye versjon av Peer Gynt blir sett opp på nytt på Det Norske Teatret hausten 2018.

Fakta

Hvordan lese denne e-boka?