Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Dødball

kriminalroman

Ein sentral mann i fotballmiljøet i Sogndal blir funnen drepen like ved garderobane ved Fosshaugane stadion. Samstundes blir billettinntektene frå kampen brutalt rana frå billettkontoret. Politimannen Rolf Randen blir kasta inn i jakta på gjerningsmennene. Les mer

379,-
Nedlastbar lydbok
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Ein sentral mann i fotballmiljøet i Sogndal blir funnen drepen like ved garderobane ved Fosshaugane stadion. Samstundes blir billettinntektene frå kampen brutalt rana frå billettkontoret. Politimannen Rolf Randen blir kasta inn i jakta på gjerningsmennene. Etterforskinga fører han inn i eit fotballmiljø prega av intrigar, maktkamp og ein intens kamp om pengar. Dette er den tredje romanen om Rolf Randen.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788234009556
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Serie
Rolf Randen 3

Lytt til utdrag

Kunders vurdering

S
Sogning – 06.02.2006

– I 'Dødball' skildrar Timberlid eit drap og eit ran under ein semifinale i cupen mellom Sogndal og Brann. Mannen som vart funnen drepen i squashhallen, ikkje langt frå garderobane, er Karl-Johan Barmen. Barmen er Fotballklubben Sogndal sin rike onkel, og etter kvart viser det seg at Barmen ikkje berre var godt likt for innverknaden han hadde på klubben. Det viser seg etter kvart at han nærast har veto i styret, grunna sin posisjon som pengesekk. Viss resten av styret gjekk imot den han meinte trua han med å tekke seg heilt ut av klubben, òg økonomisk.
Det viser seg etter kvart at det heile handlar om pengar, mykje pengar! Arvesylvet i klubben, Per Arne Olden og Kenneth Kinn er jakta av fleire av dei store klubbane i Europa, noko som kan føra til mykje pengar både for klubben, agentar og andre bakmenn.
Men det er fleire personar og sjebnar som gøymer seg i denne historia! Ei heilt grei bok, som innimellom glimtar til særs så godt!Passar nok best for dei som har kjennskap til Sogndal Fotball og Sogn og Fjordane.

Oppdag mer

Bøker som ligner på Dødball:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv