Mørkemann
«Erstad har nokre passasjar det verkeleg svingar av. Ærlegdomen hans gir driv, og den fine måten han kjem i forbindelse med seg sjølv som sekstenåring gir dynamikk. I tillegg til eit svært kompromisslaust oppgjer med den han var, trekkjer han linja heilt f»
Sofie Braut, Vårt Land
Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne. Heilt sidan han som liten gut gjekk på søndagsskulen, var likevel målet med livet hans å kome til himmelen: Han måtte leve reint, gå på den smale stien og halde seg til boda til Jesus. Han var stolt over å kalle seg fundamentalist og meinte verda var korrupt og full av vantru. Trua hans gjekk snart ut over forholdet til familien. Systera, som var homofil, var redd for at ho aldri skulle få møte nevøen sin, sonen til Emil, og mora var djupt bekymra for kor ytterleggåande sonen hennar var i ferd med å bli.
I denne boka lét Erstad oss bli kjende med eit for mange framandt, religiøst univers. Undervegs prøver han å finne ut korleis han sjølv kunne bli så konservativ som han blei - men også kvifor han etter kvart tok til å tvile på den ekstreme måten han tolka Bibelen på. Dette er ei forteljing om ein mørkemann si personlege reise mot eit mildare lys, men boka teiknar også opp ein høgare, tematisk himmel: For kvifor er det eigentleg slik at nokon endrar både tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet?
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Språk
- Nynorsk
- ISBN
- 9788234007064
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2022
- Originaltittel
- Mørkemann
- Format
- Vannmerket EPUB
Les utdrag
Åpne utdrag herBla i boka
Anmeldelser
«Erstad har nokre passasjar det verkeleg svingar av. Ærlegdomen hans gir driv, og den fine måten han kjem i forbindelse med seg sjølv som sekstenåring gir dynamikk. I tillegg til eit svært kompromisslaust oppgjer med den han var, trekkjer han linja heilt f»
Sofie Braut, Vårt Land
«Emil André Erstads bok er en slags hudløs selvangivelse mellom to permer. En moralsk egenevaluering i nynorsk språkdrakt utgitt på Det norske samlaget. Det er en fortelling om enorme pendelsvingninger både personlig, politisk og religiøst. ( ... ) «Mørkem»
Vebjørn Selbekk, Dagen
«Fellesskap, møte med menneske og respekt trass forskjellar står dermed igjen som det største for Erstad. Eller kjærleik, som Paulus ville ha sagt det.»
Merete Røsvik, Klassekampen
«ei god personleg historie om å skifte meining [...]. Konvertittar frå ytterleggaånde rørsler har gjerne ein tendens til å hamna i motsett grøft. Ikkje så med Erstad. Han har ikkje noko ønske om å leva opp til klisjéen "frå mørkemann til opplyst liberal»
Tom Hetland, Stavanger Aftenblad