Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Illustrert norsk kristendomshistorie

Få importartiklar har prega det norske samfunnet som kristentrua. Med bodskapen om Kvitekrist kom ein heilt ny samfunnsklasse: presteskapet. Med seg hadde dei penn og pergament, og trua på at det ikkje alltid er rett å hemne urett. Så sjølvsagt har kristentrua vorte at det er lett å bli blind for kor sterkt kyrkja pregar landet vårt. Les mer
899,-
Innbundet
Sendes innen 1 virkedag
Få importartiklar har prega det norske samfunnet som kristentrua. Med bodskapen om Kvitekrist kom ein heilt ny samfunnsklasse: presteskapet. Med seg hadde dei penn og pergament, og trua på at det ikkje alltid er rett å hemne urett. Så sjølvsagt har kristentrua vorte at det er lett å bli blind for kor sterkt kyrkja pregar landet vårt.

Illustrert norsk kristendomshistorie er historia om ei tru som var med på å forme det norske samfunnet til det det er i dag. Den kristne trua har spela ei avgjerande rolle for utviklinga av det norske skriftspråket og den norske mentaliteten. Kunstnarar har henta motiv og inspirasjon frå henne, og framleis gjer ho stoff til nokre av dei mest intense offentlege diskusjonane vi har her til lands.

Boka har eit friskt og moderne perspektiv. Utvalet av illustrasjonar er breitt, og til kvart bilete følgjer det med ein utfyllande tekst. Hovudmerksemda er lagt på kva bileta fortel om historia, og kva motiv som har vore populære til ulike tider.

Forfattarane:
Hallgeir Elstad er førstelektor ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, der han er ansvarleg for etter- og vidareutdanning av lærarar i KRL-faget. Han har teologisk doktorgrad og er medforfattar av fleire publikasjonar.
Per Halse er førstelektor ved Høgskulen i Volda, med ansvar for KRL-faget i lærarutdanninga der. Han er teolog med tilleggsutdanning i historie og pedagogikk. Han har tidlegare skrive Gudsord og menneskeord, som er ei innføringsbok i bibelkunnskap.
Bilderedaktør:
Eva Furseth har hovudfag i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho arbeider frilans, mellom anna som kunstkritikar i Bergens Tidende. For tida er ho registrar ved Museet for samtidskunst.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
349
ISBN
9788276747027
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2002
Originaltittel
Illustrert norsk kristendomshistorie
Format
25 x 18 cm

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Illustrert norsk kristendomshistorie:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv