Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Snakk sant om livet

«Kjersti Mjør (har) på ein imponerande måte klart å skriva som Olaug Bollestad snakkar. Teksten er på lett, dialektprega nynorsk, krydra med folkelege uttrykk og kristenbanning. Det går fort i svingane, og mykje blir fortalt på velsigna kort tid. [...] openhjarta, dramatisk, morosam og godt skriven.»

Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

Olaug Johanna Vervik Bollestad er nestleiar i Kristeleg Folkeparti, landbruks- og matminister og dronning på Instagram. Bollestad, som fyller 60 år i 2021, er fritalande, frodig og fargerik, og på mange måtar ein utypisk rikspolitikar. Les mer

379,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp
Olaug Johanna Vervik Bollestad er nestleiar i Kristeleg Folkeparti, landbruks- og matminister og dronning på Instagram. Bollestad, som fyller 60 år i 2021, er fritalande, frodig og fargerik, og på mange måtar ein utypisk rikspolitikar.

Bollestad kjem frå det vestnorske bibelbeltet. I denne boka fortel ho om oppveksten, som var sterkt prega av ei psykisk sjuk mor, om #metoo-erfaringar i misjonsmiljøet og kva som skjedde under «skjebnevalet» til KrF i 2018. På Instagram-profilen @olaugjohanna deler ho fritt og usensurert frå kvardagane sine. Der er ho høg på livet og kjærleiken til mannen, og responsen har vore overveldande.

Ei eldre kvinne lærte den unge Olaug Bollestad at det er viktig å snakka sant om livet. Seinare har ho forsøkt å leva opp til ambisjonen, både i familielivet, i politikken - og i denne boka.


Kjersti Mjør (f. 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende. Tidlegare har ho mellom anna gitt ut portrettboka "Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig".

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788234006913
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021

Lytt til utdrag

Anmeldelser

«Kjersti Mjør (har) på ein imponerande måte klart å skriva som Olaug Bollestad snakkar. Teksten er på lett, dialektprega nynorsk, krydra med folkelege uttrykk og kristenbanning. Det går fort i svingane, og mykje blir fortalt på velsigna kort tid. [...] openhjarta, dramatisk, morosam og godt skriven.»

Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

«... rogalandsk, ærlig, ujålete, usnerpete og usentimental. [...] Snakk sant om livet er en annerledes og svært personlig selvbiografi som vil kunne settes pris på også av Bollestads meningsmotstandere»

Ingeborg Misje Bergem, Vårt Land

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Snakk sant om livet:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv