Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Samskriving i skolen

med og utan kunstig intelligens
Samskriving kan fremme sosiale eigenskapar, faglege og skriftlege ferdigheiter. Men korleis fungerer samskriving eigentleg i skolen? Kva må læraren tenke på for at samskriving ansikt-til-ansikt eller i digitale miljø skal fungere godt? Korleis kan elevar bruke kvarandre eller praterobotar som læringsfremmande støtte for eiga skriving? Frå lærarstøtte og gruppearbeid til tekstproduksjon med språkmodellar: gode måtar å samskrive på ser ut til å vere viktigare no enn nokon gong før.  Les mer
349,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager
Samskriving kan fremme sosiale eigenskapar, faglege og skriftlege ferdigheiter. Men korleis fungerer samskriving eigentleg i skolen? Kva må læraren tenke på for at samskriving ansikt-til-ansikt eller i digitale miljø skal fungere godt? Korleis kan elevar bruke kvarandre eller praterobotar som læringsfremmande støtte for eiga skriving? Frå lærarstøtte og gruppearbeid til tekstproduksjon med språkmodellar: gode måtar å samskrive på ser ut til å vere viktigare no enn nokon gong før. 
 
I denne innføringsboka blir dei mest brukte framgangsmåtane, effektane og problema ved samskriving gjennomgått og kritisk diskutert. Boka går i djupna på teoriar om samarbeid og skriving, men gir samtidig ei rekke praktiske eksempel frå nyare skriveforsking i skolen. I tillegg inneheld boka 20 konkrete undervisningsmetodar for samskriving frå begynnaropplæringa og heilt fram til dei eldste elevane i skolen.  
 
Jon Olav Sørhaug er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Universitetet i Agder og forfattar. Han har spisskompetanse på digital teknologi og skriving. Sørhaug underviser lærarstudentar, vidareutdannar lærarar og forskar på bruk av generativ kunstig intelligens i skolen. 

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
125
ISBN
9788234013966
Utgivelsesår
2025
Format
24 x 17 cm

Bla i boka

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Samskriving i skolen:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Eden

Auður Ava Ólafsdóttir
Innbundet 
249,- 0,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv