Oddvar Torsheim

lyst & last

; Sogn og Fjordane kunstmuseum (Utgiver) ; Oddvar Torsheim (Utøver)

Kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 80 år 2. november 2018. I det høvet lanserer vi boka som oppsummerer hans liv og virke, med hovudvekt på kunsten. Torsheim er kjend for sin humoristiske og samfunnskritiske strek. Les mer
Vår pris
409,-
Spar
40,-

Veil. pris: 449,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Vår pris: 409,-
Spar: 40,-

Veil. pris: 449,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Storkunde?
Vi gir kvantumsrabatt! Les mer

Om boka

Kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 80 år 2. november 2018. I det høvet lanserer vi boka som oppsummerer hans liv og virke, med hovudvekt på kunsten. Torsheim er kjend for sin humoristiske og samfunnskritiske strek. Heilt sida studietida har han vore ein samfunnsengasjert kunstnar oppteken av miljøvern, politikk, kjønnsroller og livssyn. Gjennom 50 års aktivitet har Torsheim formidla motsetnadar mellom by og bygd, kvinne og mann, natur og teknologi. Oddvar Torsheim er noko så sjeldan som ein maskulin feminist. Med sin strek har han illustrert og stilt seg solidarisk med kvinner og deira forståing av seg sjølv og den plassen dei eigentleg burde ha i samfunnet. Kvinnefrigjering og likestillingskamp går som ein raud tråd gjennom karrieren hans, og det usminka biletet av kvinna må kunne seiast å vera kjernen i produksjonen hans.

Oddvar Torsheim er ein svært sentral og kjær kunstnar både lokalt og nasjonalt, men han er spesielt viktig for Vestlandet. Frå bustaden sin i Førde har han skildra den vestlandske mentaliteten med vidd og humor. Han bruker ofte seg sjølv som objekt i kunsten, og kunstnarskapet hans spring ut av ein pietistisk oppvekst og eit liv som sjømann før kunstutdanninga i København. Han har vore i kontinuerleg virke som kunstnar sidan 1950-tallet - og er det framleis. Kunstnarskapet ber preg av surrealisme og ei (u)anstendig frekkheit. Torsheim sitt samfunnsengasjement har resultert i ein omfattande produksjon av måleri, grafikk og teikning. Boka blir rikt illustrert og passar for både kunstinteresserte lesarar, museumspublikum og fans av Oddvar Torsheim. Kunstnarbiografien er éi av to bøker som forlaget gir ut parallelt i høve 80-årsdagen til Oddvar Torsheim i november. Silje Nes er designaren for begge bøkene. Kvar bok vil kunne fungere for seg, samstundes som dei vil passe i hop og kunne seljast som pakke.

Fakta