Grip 1
Norsk : Arbeidsbok
GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, matematikk og naturfag på grunnleggande nivå. GRIP presenterer fagstoff på ein enkel måte, og språket er tilpassa deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Les mer
GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, matematikk og naturfag på grunnleggande nivå. GRIP presenterer fagstoff på ein enkel måte, og språket er tilpassa deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok inneheld varierte og differensierte oppgåver som gir deltakarane trening i å lese, skrive og snakke norsk. Ord og uttrykk, grammatikk, læringsstrategiar og tema frå grunnboka blir repeterte i arbeidsboka. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok er strukturert som grunnboka og består av 15 kapittel. Læreverket har òg ein nettstad der deltakarane finn oppgåver til kvart kapittel. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok dekker modul 1 i forsøkslæreplanen i norsk for språklege minoritetar for førebuande vaksenopplæring. Forfattarane Ragnhild Andreassen og Lisa Kjellberg har begge erfaring med undervisning av vaksne minoritetsspråklege. Andreassen har arbeidd i vaksenopplæringa i Fredrikstad sidan 1998, og Kjellberg underviser ved Oslo voksenopplæring Helsfyr.
Detaljer
- Forlag
- Fagbokforlaget
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 219
- ISBN
- 9788211045928
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2024
- Originaltittel
- Grip 1
- Format
- 29 x 21 cm
- Serie
-
Grip