Min side Kundeservice Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Nye spadestikk i samfunnsfagdidaktikken

Samfunnsfagdidaktikken er blitt viktigare etter dei siste lærarutdanningsreformene. Lærarar skal ikkje berre meistra pedagogikk og fag, men også fagdidaktikk. Fagdidaktisk teori og forsking kan gi lærarar fagspråk og utgangspunkt for å tenkja og samarbeida om samfunnsfaget, og fagdidaktikken kan tydeleggjera dei mange vegval lærarar står overfor. Les mer

529,-
Sendes innen 3 - 10 dager
Samfunnsfagdidaktikken er blitt viktigare etter dei siste lærarutdanningsreformene. Lærarar skal ikkje berre meistra pedagogikk og fag, men også fagdidaktikk. Fagdidaktisk teori og forsking kan gi lærarar fagspråk og utgangspunkt for å tenkja og samarbeida om samfunnsfaget, og fagdidaktikken kan tydeleggjera dei mange vegval lærarar står overfor. Denne boka er meint som eit bidrag i denne utviklinga av samfunnsfagdidaktikken. Ho tematiserer korleis faget vert formidla til elevane i grunnskulen og vidaregåande skule.
Boka inneheld empiriske analysar, forskingsoppsummeringar, problematiseringar og teoriutviklande kapittel, og ho er disponert i fire delar. Den fyrste tar opp tema som gjeld samfunnsfaget samla, på tvers av fagleg innhald. Dei tre neste delane er bidrag knytt til ulike kjerneelement i faget, demokratiforståing og deltaking, berekraftige samfunn, identitetsutvikling og fellesskap. Det er også eit kapittel om utforsking, og kritisk tenking er teke opp i fleire av bidraga. Boka er tenkt for vidarekomne i samfunnsfagdidaktikken, det vil seia for lærarutdannarar og fagdidaktiske forskarar, så vel som for masterstudentar og bachelorstudentar som skal fordjupa seg i samfunnsfagsdidaktikk. Boka er eit utgangspunkt for fagdidaktiske vurderingar i praksis, utviklingsprosjekt, forsking og i studentarbeid.
Kjetil Børhaug, Odd Ragnar Hunnes og Åshild Samnøy har vore redaktørar for boka, og bidragsytarane elles er Harald Borgebund, Kristin Evju, Marlen Ferrer, Kari Aslaug Hasle, Lars Gaute Jøssang, Mona Langø, Daniela Muñoz, Torjer A. Olsen, Katja H-W Skjølberg, Kjersti Straume, Christian Sæle, Elin Sæther, Per Jarle Sætre, Harald Endre Tafjord og Irene Trysnes.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Bokmål Norsk Nynorsk
Sider
308
ISBN
9788245037913
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
24 x 17 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Nye spadestikk i samfunnsfagdidaktikken:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv