På jakt etter svar og forståing
samansette fagtekstar i skulen
Serie: LNUs skriftserie 185
Å lese fagtekstar med godt utbytte er ei treningssak. Elevane på fjerde og femte trinnet er heilt i startfasen av ein treningsperiode
som skal vare i mange år. Skulekulturen og den vanlege bruken av fagtekstane i klasserommet er med på å forme elevane som faglesarar. Les mer
- Vår pris
- 359,-
(Paperback)
Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager
Vår pris:
359,-
(Paperback)
Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager
Å lese fagtekstar med godt utbytte er ei treningssak. Elevane på fjerde og femte trinnet er heilt i startfasen av ein treningsperiode
som skal vare i mange år. Skulekulturen og den vanlege bruken av fagtekstane i klasserommet er med på å forme elevane som
faglesarar. I mange tilfelle venner elevane seg til «å lese med pinsett» fordi dei er meir på jakt etter svar enn på leiting
etter å forstå det tekstane handlar om. Multimodaliteten det at fagtekstane er sette saman av fleire modalitetar eller uttrykksmåtar,
som skrift, lyd, film, figurar og fotografi kan hjelpe elevane i læringsarbeidet, men det multimodale læringspotensialet
kan også vere underutnytta. I boka drøftar forfattaren samanhengen mellom multimodalitet, lesing og læring i lys av eksempel
frå klasserommet, samtalar med elevar på mellomtrinnet og analyse av aktuelle fagtekstar. Anne Løvland er førsteamanuensis
ved Universitetet i Agder. Ho har doktorgraden i nordisk språkvitskap med ei avhandling om samansette elevtekstar, og har
skrive boka På mange måtar. Samansette tekstar i skolen (2007).