Den kompetente barnehagen
tre tilnærmingar til leiing og kunnskapsutvikling
Den kompetente barnehagen handlar om korleis leiing kan utøvast for å skape felles læringskultur for å utvikle barnehagen sin pedagogiske praksis. Boka byggjer på tre doktorgradsavhandlingar som belyser ulike sider av praksis i norske barnehagar: observasjon, kollegarettleiing i gruppe, fleirkulturell kompetanseheving og samarbeid med føresette.
Les mer
439,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager
Den kompetente barnehagen handlar om korleis leiing kan utøvast for å skape felles læringskultur for å utvikle barnehagen sin pedagogiske praksis. Boka byggjer på tre doktorgradsavhandlingar som belyser ulike sider av praksis i norske barnehagar: observasjon, kollegarettleiing i gruppe, fleirkulturell kompetanseheving og samarbeid med føresette. Fellesnemnaren er eit fokus på endring og utvikling av praksis gjennom læring og kritisk refleksjon i fellesskap. Teoriforankringa vektlegg at ein som deltakar i eit praksisfellesskap er del av ein kultur og ein felles kontekst, med rammer og føresetnader, der personalet saman arbeider for å realisere rammeplan for barnehagen sine intensjonar i møte med barn og føresette. Forfattarane framhevar at det er avgjerande med eit systemisk perspektiv på leiing i barnehagen, der ein saman skal nå organisasjonen sine mål og sikre kvalitet i arbeidet i barnehagen. I denne boka er hovudfokuset avgrensa til barnehagen som organisasjon, det vil seie til leiing i barnehagen. Den kompetente barnehagen er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga. Den er også relevant for vidareutdanningar innan barnehagefeltet og for alle som er interessert i å lese om leiing for læring og kompetanseutvikling i barnehagen.
Detaljer
- Forlag
- Cappelen Damm akademisk
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 222
- ISBN
- 9788202720636
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2022
- Originaltittel
- Den kompetente barnehagen
- Format
- 24 x 17 cm