Forteljingar om drap
kriminalhistorier frå seinmellomalderen
Serie: LNUs skriftserie 152
- Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester
som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven. Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til hendingar som ligg langt bak oss i tid. Les mer
- Vår pris
- 415,-
(Paperback)
Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager
Vår pris:
415,-
(Paperback)
Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager
- Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester
som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven. Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til
hendingar som ligg langt bak oss i tid. Hendingane kjem likevel tett på oss i Olav Solbergs nye bok om drapssaker, Forteljingar
om drap. Boka byggjer på drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550). Den gong som nå vart drapssaker etterforska, og drapsbrev
er utgreiingar om kva som gjekk føre seg ved drapet. Solberg har lese desse breva, og gjennom grundige og spennande analysar
kjem han mellomaldermennesket tett inn på livet. Her er blod, sveitte og tårer, skrik og skrål, rop om hemn og bøn til Gud!
Solberg meiner at vi ikkje bør oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom, slik det har vore gjort. Det fanst ei
sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, segner, balladar, ordtak. Solberg viser at språkuttrykk - formlar - frå denne
diktinga er til stades i dei gamle drapsbreva. Den gode drapsbrevskrivaren gjorde bruk av desse formlane - han skreiv med
den munnlege diktinga klingande i øyra. I drapsbrevet møtest derfor skrifttradisjon og munnleg dikting. Olav Solberg skriv
engasjert og levande om eit uvanleg spennande emne. Forteljingar om drap er ei gullgruve for alle som har sans for gode kriminalhistorier,
som er interesserte i litteratur, kultur, språk og historie. Olav Solberg (f. 1942) har vore tilsett i NRK - radio, har vore
lektor ved Bergen lærarskole, og professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Olav Solberg er i dag professor
ved Høgskolen i Telemark. Han har tidlegare publisert Den omsnudde verda. Ein studie i dei norske skjemteballadane (1993),
Tekst møter tekst. Kristin Lavransdatter og mellomalderen (1997) og Norsk folkedikting. Litteraturhistoriske linjer og tematiske
perspektiv (1999), forutan ei rad arbeid om litterære og kulturelle emne.