Min side Kundeservice Vår historie Gavekort – en perfekt gave Registrer deg

Litteraturens spørjekraft

tekstar i utval (1968–2012)

Kva er litteraturens eigenart? Med tolmodig og skjerpa analyse demonstrerte Atle Kittang gjennom eit langt liv som forskar og offentleg debattant kor rikt og mangfaldig eit diktverk kan vere. Som ein representant for autonomiestetikken viste han fram dei litterære strukturane og fleirtydigheita, som aldri kan la seg gripe av éin enkelt lesing.

Les mer
449,-
Sendes innen 1 virkedag

Kva er litteraturens eigenart? Med tolmodig og skjerpa analyse demonstrerte Atle Kittang gjennom eit langt liv som forskar og offentleg debattant kor rikt og mangfaldig eit diktverk kan vere. Som ein representant for autonomiestetikken viste han fram dei litterære strukturane og fleirtydigheita, som aldri kan la seg gripe av éin enkelt lesing. Han formidla og utvikla lesemåtar som mellom anna var påverka av psykoanalyse, nykritikk, dekonstruksjon, hermeneutikk og politisk-estetisk filosofi. Slik kunne han vise at forskjellige teoretiske tilnærmingar har sine styrker og manglar, og at det trengst fleire inngangar til ein litterær tekst. Den grundige lesinga er avgjerande.

I 1974 blei Kittang den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg, og han leia an arbeidet med å gjere fagmiljøet i Bergen førande i norsk samanheng, eit miljø som tiltrekte seg kommande forfattarar som Jon Fosse, Gunhild Øyehaug og Karl Ove Knausgård. Han var også ein sentral stemme i den litterære offentlegheita, med ein stor produksjon av essay, artiklar, monografiar og kritikk.

I denne antologien har redaktørane Ingrid Nielsen, Espen Stueland og Sigurd Tenningen samla eit utval av artiklane til Kittang for å vise fram fortolkingskrafta og teoriformidlinga til nye og gamle lesarar. Boka kan lesast med stort utbytte av studentar, professorar og andre interesserte lesarar – kort sagt alle som deler nysgjerrigheita på korfor litteraturen stadig evnar å skake oss.

Detaljer

Forlag
Gyldendal
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
453
ISBN
9788205600102
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2024
Originaltittel
Litteraturens spørjekraft
Format
20 x 13 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Kunders vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Litteraturens spørjekraft:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Skogen

Anne Sverdrup-Thygeson
Innbundet 
449,-

M

Antonio Scurati
Innbundet 
479,-
 

Jekta

Bjørn Tore Pedersen
Innbundet 
450,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv